Frådeling (opprette ny grunneigedom)

Du kan søke om å dele eigedomen din for å opprette ny sjølvstendig eigedom (skille ut ei tomt) med eige gards- og bruksnummer.

Slik søker du

Bruk søknadsskjema nr 5153

Søknaden må vere underskreve/signert av eigar (heimelshavar).

Vedlegg som må følgje søknaden

  • Kvittering for nabovarsel, eventuelle nabomerknader og kommentarar til merknadane
  • Kart som viser ønska grense med avkøyrsel, tilkomstveg, målestokk 1:500 eller 1:1000.
  • Bruk skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning. For søknadspliktige tiltak etter PBL § 20. 
  • Ved behov: Søknad om dispensasjon f. eks. frå 100-metersbeltet, eller arealplanar.

Kva får du?

  • Svar på søknaden innan 3 til 12 veker.
  • Beskjed frå kommunen, som kontaktar deg og avtalar tidspunkt for oppmåling.
  • Oppretta ny sjølvstendeg eigedom med eige gards- og bruksnummer.
  • Oppmålt og merka ny eigedomsgrense, med grensemerke der det er mogleg.
  • Den nye eigedomen tinglyst og registrert i matrikkelen (eigedomsregisteret)
  • Tilsendt matrikkelbrev.  

Kva kostar det?

Kontakt

Jan Rune Jacobsen
Planansvarleg
E-post
Telefon 95 10 43 69

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart