NæringstomterVi har for tida næringstomter til sals i Misfjordskogen (Vestnes). Nokre av tomtene har allereie definerte avgrensningar, medan andre tomter kan tildelast etter ønska storleik. Prisane på tomtene er fastsett pr. m², og er som hovudregel blitt vedtekne med utgangspunkt i utbyggingskostnadene for dei enkelte felta. Eit viktig prinsipp ved fastsetting av tomtepris har vore at tomtene skal vert seld til sjølvkost. Gjennom det prinsippet har ikkje kommunen forteneste på tomtene. Vestnes kommune ønsker at næringsdrivande skal få høve til å kjøpe rimelege tomter til ein pris som ikkje er marknadsstyrt. Tildelingsreglar Det er utarbeidd eigne tildelingsreglar for sal av næringstomter - sjå lenke. (PDF, 269 kB) Vestnes kommune ønsker gjennom dette regelverket å ha klare og ryddige rutiner for tildeling av tomter, samt å hindre spekulasjon om vidaresal av tomter. Nedanfor har vi lista opp nokre av vilkåra ved sal av næringstomter: Søknaden skal vere skriftleg og innehalde relevante opplysningar. Ved førstegongs utlysing av nye tomter vert det i kvart enkelt tilfelle presentert ein eigen søknadsfrist. Øvrige tomter selgast etter prinsippet om «først-til-mølla». Tomta skal bebyggast innan 3 år. Om ikkje dette vert oppfylt har kommunen ein tilbakekjøpsrett. Tomtene vert seld med veg, vatn og avløp fram til tomtegrensa. Tomtene vert som hovudregel seld med ein fast m²-pris. Tomtesøkaren skal som hovudregel vere eit firma eller registrert føretak. Kjøpar plikter å gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for området der tomta ligg. Ved kjøp av næringstomt er det utarbeidd standard kjøpekontrakt. (PDF, 81 kB) Oversikt over ledige industritomter Misfjordskogen (PDF, 260 kB) Prisar næringstomter Priser næringstomt Tomtefelt Størrelse Tomtepris (pr. kvm) Misfjordskogen Industriområde ca 3-13 dekar kr. 250 (uopparbeidd grunn) Felles for alle tomtene: I tillegg til m²-prisen kjem kostnader til frådelings-/oppmålingsgebyr, dokumentavgift og tinglysingsgebyr. Tilknytingsavgift for vatn i privat vassverk kjem i tillegg. Tilknytingsavgift for elektrisitet kjem i tillegg. Sist endra 05.10.2023 10.06