Bestille matrikkelbrev

Eit matrikkelbrev er ei attestert utskrift som viser alle registrerte opplysningar om ein konkret matrikkeleining (eigedom) ved ein gjeven dato.

At matrikkelbrevet er attestert betyr at kommunen skriftleg stadefestar at opplysningane er i samsvar med innhaldet i matrikkelen. Det betyr altså ikkje at kommunen går god for at alle opplysningane i matrikkelen er korrekte. Om du meiner opplysningane i matrikkelen er feil, har du moglegheit til å endre dei, om vilkåra for det er oppfylt.

Så snart ei sak etter matrikkellova § 24  er fullført, for eksempel ei oppmålingsforretning, skal du motta matrikkelbrev om din eigedom eller din rett er berørt. Dette er ein dokumentasjon eller ei stadfesting på at resultatet av forretninga er ført i matrikkelen. Eit matrikkelbrev vil vere eit bevis på at du har vore kjent med det som stod i matrikkelen på den datoen. I oversendinga av matrikkelbrevet skal det også opplysast om adgangen til å klage, og om klagefristane.

Matrikkelbrev vert bestilt ved behov hos kommunen, via epost.

Kva kostar det

Matrikkelbrev  - gebyrsatsar, sjå punkt 7. 

Lenker

Kva er matrikkelen? 
Matrikkellova

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Epost: postmottak@vestnes.kommune.no

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart