Grensejustering og arealoverføringFor å gjere eigedomsgrensene meir hensiktsmessige kan du søke om å justere grenser eller overføre areal mellom eigedomar.Grensejustering Ei grense mellom to eigedomar kan justerast utan at arealet først vert utskild som eigen eigedom, dersom dette gjeld overføring av små areal.Sjå Matrikkelforskrifta for meir informasjon til grensejusteringKartverket sin informasjon kring grensejusteringArealoverføringEr tilleggsarealet større enn 500m², må det løysast etter matrikkellova sine bestemmingar om arealoverføring.Arealoverføring er eit søknadspliktig tiltak på linje med oppretting av ny grunneigedom/festegrunn. Det skal gis løyve etter plan- og bygningslova sine bestemmingar, og i nokre tilfelle og etter jordlova sine bestemmingar. Etter at løyve er vert gjeven, går saka til oppmålingsforretning.Ved arealoverføring blir det ikkje oppretta eige gards- og bruksnummer på tilleggsarealet. Arealet får same gards- og bruksnummer som mottakareigedomen. Ved tinglysing skal alle rettigheitshavarar/panthavarar på avgivareigedomen samtykke i arealoverføringa. Vidare skal dei involverte partane fylle ut skjemaet - føresegn om arealoverføring som kommunen skal sende til tinglysing. Denne føresegna fungerer som eit skøyte for det overførte arealet. OppmålingsforretningGrensejusteringar og saker kor det er gjeve løyve til arealoverføring går til oppmålingsforretning.Berørde partar blir varsla og får moglegheit til å påvise eksisterande grenser og grenser for tilleggsarealet. Grensene blir merka, målt og registrert i matrikkelen. Gjeld saka arealoverføring blir det også registrert i Grunnboka (tinglysing). Når saka er fullført får alle berørde partar tilsendt nytt matrikkelbrev over sin eigedom.Skjema for Rekvisisjon av oppmålingsforretning Les meir om arealoverføring og grensejustering Sist endra 27.09.2023 09.45