Kartlegging/påvising av eigedomsgrenser

Grensepåvising er ein klarlegging av eigedommen sine allereie eksisterande grenser. Grensene blir ikkje endra. Dersom grensemerke(r) for ei tidlegare oppmålt og koordinatbestemt grense er vekk, kan du bestille ei ny grensepåvising.

Om det ikkje er klart kor ei grense mellom to eigedomar går, kan grensa klarleggast ved ei oppmålingsforretning.

Kva får du  

Du får oppmålt, vist og merka eigedomsgrensa, og får satt ned offentlege grensemerker der det er mogleg.

Slik søker du

Søknadsskjema rekvisisjon av oppmålingsforretning 

1. Fyll ut skjema Deling og oppmåling av tomt.  Sjå rettleiinga for hjelp til utfyllinga.  
Legg ved kart som syner kvafor grensepunkt som skal merkast på nytt.

Søknaden må være signert av eigar (heimelshavar)

2. Lever søknaden
Søknaden leverast til kommunen via post, ved oppmøte eller på e-post

Kva kostar det

Sjå Oppmålingsgebyr punkt 4 og 5 for:

  • Klarlegging av eksisterande grense i marka som tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning (sjå punkt 4)
  • Klarlegging av eksisterande grense i marka som tidlegare ikkje er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning (sjå punkt 5)

Kva skjer vidare

Etter at gebyret er betalt er saken normalt ferdigbehandla innan åtte til seksten veker.

Kommunen tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. Naboar vert også innkalla.

Lenker

Feil grenser i eigedomskartet  

Opningstider

Rådhuset 09.00 - 15:00

Adresse

Post- og besøksadresse

Vestnes kommune
Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

postmottak@vestnes.kommune.no

Kart