Samanslåing av eigedomar

Du får eit ryddigare eigedomshøve om du slår saman tilstøytande eigedomar med forskjellige gards- og bruksnummer, men som har same heimelshavar. Det er ofte betre å ha færre gards- og bruksnummer å ta omsyn til.

Søk om å slå saman eigedomar

Generelle krav

  • Eigedomane må ha same heimelshavar
  • Samanslåinga må oppfylle matrikkelloven § 18 og matrikkelforskriften § 43
  • Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom panthavarane

Kva kostar det

Det kostar ingenting å slå saman eigendomar, men matrikkelbrevet du får tilsendt når samanslåinga er gjennomført har eit gebyr. Sjå punkt 7.

Slik søker du

Fyll ut skjemaet Krav om sammenslåing av tinglyste matrikkeleiningar.

Dette må du sjekke før innsending:

  • at alle heimelshavarane har fylt ut og skreve under på skjemaet
  • at du har lagt ved kart som viser kva eigedomar som skal samanslåast
  • at du har lagt ved stadfesting på at eventuell heimelshavarar til bruksretten er varsla.

Ved eventuell prioritetskollisjon må dette ordnast av grunneigar før samanslåing kan tinglysast.
Prioritetskollisjon oppstår når eigedomar som skal slåast saman har ulike tinglyste heftelsar. 

Søknad sendast til Vestnes kommune som tilrettelegg og tinglyser samanslåinga. 

Les meir om samanslåing på Kartverket sine sider  

Regelverk

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)
Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften)

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart