Seksjonering og reseksjonering Seksjonering betyr å dele opp eit bygg i fleire sjølvstendige eigarseksjonar. Endringar av allereie seksjonerte eigedomar kallast reseksjonering. Slik søker du1. Fyll ut skjemaSeksjonering Søknadsskjema - Søknad om seksjonering Rettleiar til utfylling av søknadsskjema om seksjonering Reseksjonering Søknadsskjema - Søknad om reseksjonering Rettleiar til utfylling av søknadsskjema for reseksjonering 2. Nødvendige vedlegg går fram av pkt. 9 i skjemaet 3. Skjemaet må leverast i papirversjon pga. krav om original signaturVed reseksjonering: Legg ved kopi av eksisterande tinglyst seksjonering, tilhøyrande planteikningar og situasjonsplan. Dersom du ikkje har desse dokumenta kan dei bestillast frå Statens Kartverk (tinglysinga).Seksjonering av uteareal: Fordeling av uteareal eksklusivt til dei enkelte seksjonar som tilleggsdelar er ein meir komplisert prosess som krev oppmålingsforretning.Kva får duBegjæringa blir normalt behandla innan 12 veker.Du får delt opp bygninga i fleire eigarseksjonar, med dokumentasjon på plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.Du får eventuelt eit matrikkelbrev og fordeling av uteareal til ein eller fleire seksjonar.Ved fordeling av uteareal, får du i tilleggEksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eigedomen.Koordinatbestemte bruksrettsgrenser.Sett ned offentlege grensemerker, om det er mogleg og ønskeleg.Kva kostar detSjå Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova pkt 7 for matrikkelbrev. Sjå Regulativ for saksbehandling av byggesaker, plansaker, oppretting og endring av eigedom m.v pkt 19. diverse gebyr. Regelverk Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering. Sist endra 05.02.2024 14.42