Innskriving 1. klassingarHar du barn som skal starte på skulen? Då må dei innskrivast som nye 1. klassingar til skuleåret 2025 - 2026.Slik gjer du detSom føresett må du logge deg inn i appen "Min skole foresatt" eller nettsida Visma Flyt Skole for å skrive inn barnet ditt.Lenke til app:Google Play - Min skole foresattApp Store - Min skole foresattInnskrivinga vil vere ope i perioden 10.01.2025 - 10.02.2025.Barnet blir innskrive på sin nærmaste skule etter barnet si hovudadresse.Innskrivinga skjer ved å samtykke til skuleplass.For å samtykke til at barnet ditt tek imot skuleplass ved den tildelte skulen må du trykke på knappen samtykke og deretter svare ja.Ønskjer du derimot ikkje den tildelte plassen, så svarar du nei og må i tillegg sende inn melding om årsaka til dette. Melding eller spørsmål om innskriving sender du til:Helland barneskule ved rektor Gisela Smith-Nilsen Tomrefjord skule ved rektor Elisabeth Selnes Sist endra 18.11.2024 15.35