Pedagogisk - psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) skal hjelpe barnehagen og skulen slik at dei kan gje barn og elevar tilfredstillande utbytte av tilbodet. 

Kva tilbyr vi? 

PPT utgreier og gir råd om barnet og eleven sitt behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervising (0 år – ut vgs). PPT er også sakkunnig for vaksne med behov for spesialundervising på grunnskulen sitt område. 

Lurer du på om barnet ditt har behov for spesialpedagogisk hjelp/spesialundervising? Du kan tilvise sjølv, men det beste er om du først tek kontakt med barnehagen/skulen til barnet/eleven. 

PPT skal bistå barnehagen og skulen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge tilbodet for barn og elevar med særlege behov. 

Kven har rett på spesialpedagogisk hjelp?   

Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særleg behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Før det blir fatta vedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp, skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering av retten. 

Krav til barnehagen 

Før eit barn blir tilvist til PPT må barnehagen vurdere om barnet kan få hjelp innanfor det ordinære tilbodet. Barnehagen må prøve ut tiltak ved å tilpasse tilbodet for å sjå om det kan avhjelpe utfordringane.  Dersom barnet framleis har utviklingsbehov som barnehagen ikkje kan avhjelpe på ein tilfredsstillande måte, skal barnehagen kontakte PPT og be om sakkunnig vurdering. Dette skjer etter skriftleg samtykke med foreldra/føresette. 

Kven har rett til spesialundervisning? 

Elevar som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet har rett til spesialundervising. Før skulen kan fatte vedtak om spesialundervising skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering av retten. 

Krav til skulen 

Før ein elev blir tilvist PPT, må skulen sjølv vurdere og prøve ut tiltak for å sjå om eleven kan hjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Dersom eleven framleis ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, skal skulen kontakte PPT og tilvise for sakkunnig vurdering. Dette skjer etter skriftleg samtykke frå foreldra/føresette.   

Slik ber du om sakkunnig vurdering 

  1. Ta kontakt med barnehagen/skulen til eleven/barnet  
  2. Barnehage/skule gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak 
  3. Barnehage/skule utarbeider pedagogisk rapport og tilviser til PPT med skriftleg samtykke frå føresette 
  4. PPT utarbeider sakkunnig vurdering av eleven/barnet sin rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp 
  5. Kommunen/barnehagen/skulen fattar vedtak om rett eller gir avslag etter mottatt sakkunnig vurdering og tilråding. Dersom ein ikkje følgjer PPT si tilråding, skal dette grunngjevast i vedtaket 
  6. Føresette skal samtykke før enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning vert fatta

Her finn du skjema for tilvisning til PPT (papirskjema).    

Søke spesialundervisning for vaksne 

Her kan du lese meir eller søke om spesialundervisning for vaksne.

Slik klager du

Du kan klage på vedtaket dersom du meiner tiltaka ikkje vil gje tilfredsstillande utbytte. 

Regelverk

PPT og spesialpedagogisk hjelp – rettigheter   
Lov om barnehager (barnehageloven)   
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 4 A2

Kontakt

PPT ekspedisjon
E-post
Telefon 47 76 25 87

(ber om at du helst ringer tysdag eller torsdag)

Kjetil Ytreberg
Pedagogisk-psykologisk rådgjevar/fagansvarleg
E-post
Telefon 92 82 18 68

Opningstider

Kvardagar 09:00 - 15:00

Adresse

Besøksadresse

Myra 23
6390 Vestnes

Postadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart