Ferie og anna
Det vil normalt ikkje bli innvilga permisjon til ferie. Det kan gis permisjon ved store familiehendingar, alvorleg sjukdom, dødsfall eller gravferd i næraste familie. Det kan og vere helsemessige eller velferdsmessige forhold i familien som medfører at skulen bør innvilge ein permisjonssøknad.
Slik søker du
Enkeltdagar eller timar
Skal søkast om direkte til kontaktlærer.
Fråvær opp til 2 veker (10 skuledagar)
Send inn søknad om permisjon her. Søknadsfrist er 14 dagar før planlagt permisjon startar.
Søknad om fri over to veker
Send inn søknad om permisjon her. Søknadsfrist er 1 måned før planlagt permisjon startar.
Slik klager du
Ønsker du å klage på vedtak om permisjon må du klage innan tre veker etter at du har motteke svar på søknaden. Klagen skal sendast til skulen som har behandla søknaden. Statsforvaltaren gjer endeleg vedtak i saka.
Reglement
Opplæringslova § 2-2