Helland barneskule SFOSFO er eit fritidstilbod for elevar 1 - 4. steg og for elevar med spesielle behov på 5 - 7. steg.Helland Barneskule SFO har eigen base i barneskulebygget. SFO kan i tillegg disponere kjøkken/aktivitetsrom, mediateket, klasserom, grupperom og Aulaen. SFO og skulen har felles uteområde. I skuletida deler SFO uteområde med barna på småskulesteget.Skolefritidstilbodet er ein unik arena for å gi barn med ulik alder og ulike forutsetningar moglegheit til å gjere ting saman. I skulefritidsordninga skal elevane oppleve meistring i eit miljø prega av omsorg og tryggheit. Fritidsordninga skal so langt som mogleg ta utgangspunkt i elevane sine ønske, men vil også styre aktivitetane ved behov. SFO kan vere ein god arena for inkludering og samarbeid med alle elevar. Skulens ordensreglement gjeld også for SFO.Når må ein søkeSøknadsfristen for SFO i Vestnes kommune er 1. mars.Du kan søke om SFO-plass til dei ulike skulane gjennom Visma Flyt SkoleSFO- er ein viktig arena forkvardagen til barnaå utvikle sosial kompetanseleik og læringbarnas eigen kulturå utvikle nye venskap Vi legg vekt påEin trygg og triveleg stad å vereTid til leik - ute og inne, tid til å leike ferdigMåltidKvardagsferdigheiterAktivitetar tilrettelagt av vaksneBarnas eigne aktivitetarGode barndomsopplevingarTid til kjede seg?Dette er barnas fritid!Praktisk informasjonMerk klede og sko. Husk innesko. Klesskift, klede som tåler stygt ver og klede som held barna varme. Barna bruker same garderobe på SFO som i skuletidaVisma tilstedeværelse brukar SFO som digital registrering når barna kjem på SFO og blir henta. For melding/beskjedar skal appen «min skole foresatt» nyttast. Der kan føresette sende meldingar som kjem rett inn i visma tilstedeværelse.Meld alltid ifrå til personalet når de hentar barn på SFO. Gjer gjerne faste avtaler, som gjer dagen forutsigbar for barna og for oss. SFO må ha beskjed dersom barnet skal gå heim eller bli henta av andre enn foreldra. Dette kan gjerast muntlig eller via appen. Beskjed må gis i god tid før barnet skal gå/bli henta.Barn i 1. kl skal bringast og hentast.Opningstider SFO Haustsemester Veke 32 – ferieope tilbod for påmelde barnVeke 33 – ferieope tilbod for påmelde barn måndag og tysdag/ onsdag-fredag planleggingsdag for personaleVeke 34 – Oppstart ordinært SFO tilbod/skulestartVeke 41 – ferieope tilbod for påmelde barn til haustferienSFO følger skuleruta og har stengt når skulen har stengt i juleferien Vårsemester Veke 8 – ferieope tilbod for påmelde barn til vinterferienSFO følger skuleruta og har stengt når skulen har stengt i påskeferienSFO følger skuleruta og har stengt når det er elevfri dagVeke 25 – siste ordinære SFO veke/ siste skulevekaVeke 26 – ferieope tilbod for påmelde barn Veke 27 – ferieope tilbod for påmelde barnVeke 28 – SFO stengtVeke 29 – SFO stengtVeke 30 – SFO stengtVeke 31 - SFO stengt Dagrytme Dagrytme - SFO Helland Kl Timeplan Kl 07:00 SFO opnar Kl 07:30 Frukost. Barn som skal ete frukost har med eiga matpakke. SFO ordnar drikke. Kl 08:30 - 13:00/13:45 Skule Barna blir møtt i klasserommet og registrert inn på SFO. Kl 13:00 - 13:45 Alle skal vere ute Kl 13:45 - 14:30 Kantine. Barna må ha med eiga matpakke, men får servert frukt og drikke på SFO. Alternativ lunch ca kvar 14. dag, vekselvis mellom vekedagane. Barna bestemmer sjølv om dei vil vere inne eller ute. Kl 16:30 SFO stenger. ForeldresamarbeidFor at SFO skal vere eit så godt tilbud som råd for foreldre og barn, treng vi eit nært samarbeid mellom foreldre og SFO.Samarbeidet må baserast på: ofte kontakt ( eks ved henting)foreldremøteinformasjonsutvekslingtilbakemeldingar, både positive og negativesende e-postringe og avtale møte Illustrasjon SFO Sist endra 09.08.2024 11.10