Redusert foreldrebetaling for SFO

Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for ein fulltids SFO-plass. Ordningan gjeld for elevar på 1. t.o.m. 4. årssteg. Maks samla person- og kapitalinntekt for at hushaldningar skal få rett til redusert foreldrebetaling er kr 500.000.

Søknadsfrist

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå 1. heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.

Du må sende ny søknad kvart år.

Du kan søke undervegs i SFO-året dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta. Det kan vere at inntekta går kraftig ned på grunn for eksempel arbeidsløyse, samlivsbrot eller dødsfall.

Slik søker du

Du treng desse vedlegga:

  • Siste skattemelding (sjølvmeldinga) skal leggast ved søknaden. Den er dokumentasjon på at du faktisk har krav på redusert foreldrebetaing.
  • Dersom du har skattepliktige person og kapitalinntekter som ikkje står i skattemeldinga, skal desse dokumenterast. Dette er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden blir ikkje behandlet før all dokumentasjon er sendt inn.
  • Dersom du nyleg har kome til Noreg og ikkje har skattemelding, lønnslippar eller vedtak frå Nav, må du legge ved politiattest på opphaldsløyvet.

Fyll ut og send inn søknadsskjema:

Søk om redusert foreldrebetaling

Hugs at det berre er barn som er folkeregistrert i Vestnes kommune det kan søkast for.

Definisjon på hushaldning

  • Ei hushaldning er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar
  • Sambuarar er to ugifte personar over 18 år, som har felles barn eller har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold, i minst 12 av de siste 18 månadane
  • Bur barnet fast hos begge foreldra, skal betalinga bli rekna ut frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet

Klage på enkeltvedtak

Regelverk

Forskrift til opplæringslova - reduksjon i foreldrebetaling for elevar på SFO

Kontakt

Ronny Engan
Kommunalsjef
E-post
Telefon 95 10 21 15

Opningstider

Telefon- og opningstid:
Kvardagar 10:00 - 14:00

Oppfordrar publikum til å ta kontakt elektronisk.
Utanom opningstid må ein ha avtale på førehand.

Adresse

Besøksadresse

Rådhuset
Brugata 10
6390 Vestnes

Kart