Søknad om SFO-plass, endring og oppseiing

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn.

For å få plass på SFO må du søke om plass. Du beheld plassen på SFO til og med 4. steg. Dersom du ønskjer at barnet skal slutte før må du seie opp plassen. 

Barn med særskilt behov må søke om SFO plass kvart SFO-år frå 5.-7. steg.

Kva tilbyr vi?

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa og skal derfor vere noko anna enn skule og barnehage. Den skal vere ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gi barna omsorg, tilsyn, legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar.

Frå hausten 2024 får alle på 1. - 3. steg tilbod om gratis 12 timar i veka på SFO. 
Ordninga gjeld uansett om du har deltid- eller heiltidsplass til barnet, og du kan også velje å kun ha dei 12 timane.

Informasjon om SFO-tilbod ved skulane

Helland SFO   Tomrefjord SFO  

Kven kan nytte tilbodet?

SFO er tilbod for barn i 1. - 4 . klasse.

Elevar i 5. - 7. steg med særleg behov kan få plass på SFO. Barna har då rett på gratis SFO.

Slik søker du

Du kan søke om SFO-plass til dei ulike skulane gjennom Visma Flyt Skole

Kva skjer videre?

Søknadane blir behandla fortløpande etter hovudopptaket. Når søknaden din er ferdigbehandla vil du få varsel frå Visma Flyt Skole. Dersom du vil ha plassen du har fått tildelt treng du ikkje gjere noko.

Du vil få informasjon frå SFO før oppstart. Ta kontakt med din SFO dersom du har spørsmål.

Endre eller seie opp plassen 

Ønsker du å endre eller seie opp plassen gjer du det her (via Visma flyt skule).

Oppseiing eller endring av tilbodet skal gjerast innan utgangen av månaden. Oppseiingstida er 2 månader teljande frå komande månad etter oppseiinga. 

Søknadsfrist 

Søknadsfristen for SFO i Vestnes kommune er 1. mars.

Hva kostar det?

Foreldrebetaling SFO
Opphaldstid Ordinær pris Maks samla person- og kapitalinntekt for at hushaldningar skal få rett til redusert foreldrebetaling Pris 1. , 2. og 3. klasse Maks samla person- og kapitalinntekt for at hushaldningar skal få rett til redusert foreldrebetaling
100 % (5 heile dagar) 3 250,- 500 000,- 1 690,- 260 000,-
80 % (4 heile dagar) 2 630,- 404 500,- 1 070,- 164 667,-
60 % (3 heile dagar) 2 012,- 309 500,- 453,- 69 667,-
40 % (2 heile dagar) 1 347,- 217 167,- Gratis -
Ettermiddagstilbod 2 390,- 367 500,- 830,- 125 000,-
Gradert Helland SFO (12 t, tilpassa skuleveka) 1., 2. og 3. klasse - Gratis -
Gradert Tomrefjord SFO (12 t, tilpassa skuleveka) 1., 2. og 3. klasse - Gratis -
Ferietilbod 1 347,- - 1 007,- -
Prisar gjeldande frå 01.08.2024.
  • Betaling skjer for inneværende månad med forfall den 20.
  • Kommunen tek betaling for 10 månader. For august og juni er betalinga 50%.
  • Det blir gjeve søskenmoderasjon, 30 % for barn 2 og 50 % for barn 3 og ev. påfølgjande barn.
  • For elevar som blir innmeldt etter skulestart, startar betalinga f.o.m. den datoen eleven er innmeldt i ordninga.
  • Foreldre som hentar barn etter stengetid, eller hentar barn ut over avtala opphaldstid, vil bli fakturert for tilleggstid. Sats for tilleggstid er sett til kr 200 for kvar påbegynt halvtime, og faktureringa kjem som tillegg til ordinær betaling månaden etter.
  • SFO-plassen kan gå tapt ved manglande betaling utover 2 månader.
  • Om ein seier opp plassen etter 1. april må ein betale ut skuleåret.
  • Kostpengar Helland - kjem i tillegg til den faste satsen for foreldrebetaling og gjeld for drikke og frukt (barna har med eiga matpakke):
    • 100% plass, ettermiddagstilbod eller gradert 12 timar kr 75, 80% = kr 60, 60% =kr 45 og 40'% = kr 30
    • Matpengar i ferieope tilbod er kr 50 pr ferieveke. Dette vert lagt til i foreldrebetalinga månaden etter.
  • Kostpenger Tomrefjord - kjem i tillegg til den faste satsen for foreldrebetaling og gjeld for måltid, drikke og frukt:
    • 100% plass, ettermiddagstilbod eller gradert 12 timar kr 150, 80% = kr 120, 60% = kr 90, 40% = kr 60
    • Matpengar i ferieope tilbod er kr 50 pr ferieveke. Dette vert lagt til i foreldrebetalinga månaden etter.

Skyss til og frå SFO

Transport til og frå SFO er foreldra/føresette sitt ansvar.

Vedtekter

Vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane (SFO) (PDF, 149 kB)

Opningstider

Helland SFO

Frå kl. 07:00 til skulestart
Frå skuleslutt til kl 16:30

Tomrefjord SFO

Frå kl. 06:45 til skulestart
Frå skuleslutt til kl. 16:30