SFO har eigen base i underetasjen i barnetrinndelen på Tomrefjord skule. SFO har eigen avdeling, med eige kjøkken.
SFO kan også disponere klasseromma og garderoba i same etasje. Og Oasen og ev idrettshallen når der er ledig. I skuletida deler SFO uteområde med elevane på barnetrinnet.
Tomrefjord SFO har 9 tilsette assistentar/fagarbeidarar og dagleg leiar.
Dei siste åra har ca 50 barn hatt plass ved Tomrefjord SFO.
Når må ein søke
Søknadsfristen for SFO i Vestnes kommune er 1. mars.
Du kan søke om SFO-plass til dei ulike skulane gjennom Visma Flyt Skole
Opningstider SFO
Veke 32 – ferieope tilbod for påmelde barn
Veke 33 – ferieope tilbod for påmelde barn måndag og tysdag/ onsdag-fredag planleggingsdag for personale
Veke 34 – Oppstart ordinært SFO tilbod/skulestart
Veke 41 – ferieope tilbod for påmelde barn til haustferien
SFO følger skuleruta og har stengt når skulen har stengt i juleferien
Veke 8 – ferieope tilbod for påmelde barn til vinterferien
SFO følger skuleruta og har stengt når skulen har stengt i påskeferien
SFO følger skuleruta og har stengt når det er elevfri dag
Veke 25 – siste ordinære SFO veke/ siste skuleveka
Veke 26 – ferieope tilbod for påmelde barn
Veke 27 – ferieope tilbod for påmelde barn
Veke 28 – SFO stengt
Veke 29 – SFO stengt
Veke 30 – SFO stengt
Veke 31 - SFO stengt
Alle ferietilbod blir sannsynlegvis ved Helland sfo. Det vil vere personal frå Tomrefjord sfo der i delar av åpningstida.
SFO er ein viktig arena for
- kvardagen til barna
- å utvikle sosial kompetanse
- leik og læring
- barnas eigen kultur
- å utvikle nye venskap
Vi legg vekt på
- Ein trygg og triveleg stad å vere
- Gode og sunne måltid, der vi fast kvar fredag lagar noko anna enn berre tradisjonelt smøremåltid
- Rikeleg med tid til leik ute og inne
- Tilbod om ulike vaksenstyrte aktivitetar, som t.d formingsaktivitetar, songleikar/ tradisjonsleikar, bli lest for, spele spel, o.a.
Praktisk informasjon
Barna brukar same garderobe på SFO som i skuletida. Husk å merke klede og sko med namn. Barna må ha rett klede- og nok klede til all slags ver, og alltid ha skifteklede tilgjengeleg.
Informasjon/beskjedar mellom heim og SFO skrivast enten inn i Visma eller sendast til sfo-mobiltelefonen: tlf 958 97 104. Det er viktig at foreldra seier ifrå når barnet blir henta, slik at ein alltid har oversikt over kor mange som er på SFO til ei kvar tid. SFO må ha beskjed om barnet skal gå heim sjølv, eller bli henta av andre enn foreldra.
Mat: Dei som skal ete frukost på SFO, må ta med denne sjølv. Drikke får dei på SFO. Vi har eit smøremåltid kvar dag, og fast ev. varmmat, eller anna som t.d vaflar på fredagar.
Barn i 1. klasse skal hentast nede på sfo.
Dagrytme - SFO Tomrefjord
Foreldresamarbeid
For at SFO skal vere eit så godt tilbud som råd for foreldre og barn, treng vi eit nært samarbeid mellom foreldre og SFO.
Samarbeidet er basert på:
- Ofte kontakt (t.d ved henting)
- Foreldremøte
- Informasjonsutveksling
- Tilbakemeldingar, både positive og negative