Valfag og tilvalsfag ved Tomrefjord skule

På ungdomsskulen skal elevane ha valfag og tilvalsfag i alle dei tre åra dei går der. Kva valfag og tilvalsfag skal du velje? Kan du byte valfag eller tilvalsfag undervegs? Her får du informasjon om faga! 

Illustrasjon som viser viktige frister når ein skal velje valfag.  - Klikk for stort bilete

Valfaga er praktiske fag, tilvalsfaga kan vere anten teoretisk fag eller praktisk fag. Målet med faga er at elevane skal få variert opplæring. Dette er ei fin moglegheit for at du som elev skal kunne utvikle deg innanfor eit område som interesserer deg.

Det finst forskjellige valfag og tilvalsfag. Det vil variere frå skule til skule kva valfag og tilvalsfag som vert tilbydt. Elevane vil få informasjon om kva type valfag og tilvalsfag dei kan velje utover våren. Elevar som begynner i 8. klasse neste skuleår skal velje både eit valfag for eitt år og eit tilsvalsfag for dei neste tre åra på ungdomsskulen, medan elevar som begynner i 9. og 10. klasse skal kun velje valfag for eitt år. 

I skuleåret 2025-2026 tilbyr vi desse valfaga

Valfagtilbodet består no av 7 fag på alle steg. Tomrefjord skule vil satse på å tilby undervisning i 3-4 fag, dersom det blir mange nok elever som søker faget og at skulen kan stille med lærarressursar.  Elevane behøver ikkje ha samme valfag gjennom heile ungdomsskulen.  Elevane kan bytte valfag etter kvart skuleår.  

I skuleåret 2025-2026 tilbyr vi desse tilvalsfaga

Ved Tomrefjord skule tilbyr vi arbeidslivsfag, framandspråk og fordjupingsfag. Valet blir i utgangspunktet tatt for alle tre åra på ungdomsskulen.  

Tilvalsfag og konsekvensar for vidaregåande skule

Det er viktig å vere klar over at valet av tilvalsfag på ungdomsskolen har konsekvensar for valmoglegheitene for elevar som vel studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Det vil seie: studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama, medium og kommunikasjon, og kunst, design og arkitektur.

På studieførebuande utdanningsprogram skal ein ha framandspråk som fellesfag. Dersom ein har fullført framandspråk på ungdomsskulen skal ein ha framandspråk i to år på vidaregåande, sjølv om ein begynner med eit anna framandspråk enn ein har hatt før. Elevar som har hatt arbeidslivsfag eller fordjupingsfag på ungdomsskulen skal ha framandspråk i tre år. Konsekvensen blir då at ein berre kan velgje to programfag i staden for tre på Vg3.

Dersom ein vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram skal ein ikkje ha framandspråk på vidaregåande og det har då ingen betydning om ein har hatt framandspråk eller fordjupingsfag på ungdomsskulen. 

Karakter i valfag eller tilvalsfag

Du får i utgangspunktet standpunktkarakter når du avsluttar eit valfag, men dersom du vel det same faget over fleire år, er det karakteren du får frå det høgste årssteget som vert fastsett på vitnemålet. Når du fullfører ungdomsskulen, kan du til dømes altså ha hatt berre eitt valfag og éin standpunktkarakter, eller du kan ha hatt fleire ulike valfag og flere standpunktkarakterar. 

Alle karakterane står på vitnemålet, men det er eit snitt av karakterane som vert nytta i poengberekninga i inntak til vidaregåande skule.

I tilvalsfag får elevane standpunktkarakter etter 10. årstrinn. 

Kan du bytte valfag eller tilvalsfag?

Du veljer valfag for eitt år om gongen, og som hovudregel vel ein dette ein gong utover våren. Det er som hovudregel ikkje mogleg å byte valfag etter at fristen for påmelding har gått ut.

Neste skuleår kan du vel det same valfaget om igjen, eller du kan vel eit heilt nytt. Nokre har derfor det samme faget alle tre åra, mens andre har to eller tre forskjellege.

Du skal ha tilvalsfaget som du har valt, frå 8. til 10. klasse. Du kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skulen. Når det foreligger særlege grunnar til det, kan skuleleiinga godkjenne overgang til eit anna valfag eller tilvalsfag. Merk at byte av tilvalsfag kan få konsekvensar for valmoglegheitene for elevar som velger studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Sjå punktet over om Tilvalsfag og konsekvensar for vidaregåande skule. 

Søknadsskjema for valfag og tilvalsfag

Frist for å søke valfag og tilvalsfag er 15.april.

Kontakt

Ole Kjetil Hole
Undervisningsinspektør
E-post