Bli med hit 2023

13. november 2023 ble BLI MED HIT! arrangert i Trondheim for andre gang med rundt 220 besøkande.

Helene og Kari på Blimedhit-messe i 2023 - Klikk for stort bileteHelene Øvrelid og Kari R. Solevågseide på stand i Trondheim

Kommunalsjef samfunn og samskaping, Helene Øvrelid og hovudtillitsvald, Kari R. Solevågseide reiste til Trondheim saman med Vestnes Næringsforum for framsnakke Vestnes kommune på den store jobbmessa.  På messa møtte dei fleire utflyttarar og fekk moglegheita til å snakke litt med dei om kva som skal til for at dei skal ønske seg heim til Vestnes. 

Kva skal til for at du kjem tilbake til Vestnes kommune?

  • Interessante og relevante arbeidsplassar i nærleika av Vestnes kommune.
  • Gode kulturtilbod og mange fritidsaktivitetar.
  • Attraktive tomter og bustader.
  • Viktig at det er mogleg for ein familie å jobbe ulike stader – at det er ein stor arbeidsmarknad med kort pendleravstand.
  • Handel og servicetilbod, der vi får det viktigaste.
  • Natur- og friluftstilbod 
  • Familie og venner er viktig
  • Fullføre studier - vi venter med å kome heim til vi er ferdig utdanna.
Vestnesinger på "Blimehit"-messe i Trondheim - Klikk for stort bileteMia K. Sylte og Iselin L. Eggen frå Vestnes trivst godt i Trondheim. Kva skal til for å få dei heim igjen?

Korleis skal vi rekruttere relevant arbeidskraft til kommunen?

  • Om kommunen ønsker arbeidskraft må dei ta kontakt direkte. Dei bør ringe studentar eller kome på studiestaden.
  • Næringslivet og det offentlege må gå aktivt ut å “headhunte” relevant arbeidskraft. 
  • Lønn og turnusavtaler er viktig

 

Neste BLI MED HIT! blir arrrangert i Oslo torsdag 11.april 2024 på Clarion Hotel The Hub.

Les meir