Det dryss over 700.000 til idretten i VestnesIdrettsrådet i Vestnes har fordelt årets lokale aktivitetsmidlar (LAM)Det skriv idrettsrådet i ei pressemelding. Pengane blir bevilga kvart år av Kulturdepartementet og blir henta frå overskottet til Norsk Tipping. Idrettsråda rundt om i landet fordeler pengane i sine kommuner.Vestnes fekk totalt 635.628 kroner til fordeling frå departementet. Pengane ble delt på 13 klubbar.Høg aktivitetVestnes Varfjell IL fikk det største beløpet 281.540 kroner, dette fordi ingen i kommunen har fleire medlemmer mellom 6 og 19 år. Neste på lista er Tomrefjord IL 158.546 kroner, også Ørskogfjell Skilag og Tresfjord IL får tildelt ein god del.Meir kjemMeir pengar er på veg. Kulturdepartementet har bevilga eit ekstratilskott til utvalde kommuner for å bidra til at alle barn og ungdommar mellom 6 og 19 år gis like moglegheiter til å delta i idrett uavhengig av kor dei bur og familien sine sosioøkonomiske ressursar. Vestnes er inne på nemde liste og får i overkant av 71.000 kroner til fordeling. Pengane blir fordelt etter samme kriterier som LAM.Vestnes Idrettråd15.10.2024 Sist endra 16.10.2024 13.45