NVE varslar faregrad 4 for snøskred i Romsdal. Varselet gjeld frå fredag 3. januar.
Meteorologisk Institutt varsler oransje farevarsel for snø. Også dette varselet gjeld frå 3. januar.
Les varsla her:
Romsdal - Snøskredvarsel | Varsom.no
Varsel frå Meteorologisk Institutt for Møre og Romsdal, nordlege deler av Sogn og Fjordane og sørlege Trøndelag | Varsom.no
Unngå alt skredterreng
Varselet frå NVE seier at tørre flakskred vil lausne av seg sjølv på grunn av nysnø og vind. Skred kan treffe utsett infrastruktur eller busetnad. Unngå alt skredterreng.
Les meir om faregradane på sidene til varsom.no: Faregrader | Varsom.no
Det er venta svært mye snø
Oransje farevarsel for snø betyr at det er venta svært mye snø, lokalt 30 til 50 centimeter i løpet av 24 timar. I fjellet kan det komme meir. Varselet som er sendt ut frå Meteorologisk Institutt gjeld for Møre og Romsdal, nordlege deler av Sogn og Fjordane og sørlege Trøndelag.
Ifølge varselet er det òg venta kraftig vind i området med nordvest full storm seint torsdag kveld og først på fredag. Dei kraftigaste bygene er venta sør i Trøndelag tidleg fredag, medan det nord i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal er dei kraftigaste bygene venta fredag ettermiddag.
Skredfarevurdering frå Varsom.no
Svært krevjande skredforhold i regionen fredag. Store skred kan lausne av seg sjølv. Den kraftige vinden natt til fredag er venta å flytte mye av siste dagar med nysnø inn i leheng mot sør og aust. Leområda vil no vere godt fylt opp og derfor kan skreda bli store. Kjente skredbaner er mest utsett, og det kalde veret med tørr snø til havnivå gjer at nokre skred kan bli svært store og få lange utløp. Som skiløpar bør ein halde seg unna alt skredterreng og husk at skred òg kan lausne i opne område i skogen.
Usikkerheit i det polare lavtrykket sin plassering gjer det vanskeleg å seie kor i region skreproblema er størst. Vanlegvis Romsdalen og Eikesdalsfjella mest utsett.
Anbefalingar
I samband med farevarselet for snø er det anbefalt å beskytte sårbare installasjoner og gjenstandar som ikkje tåler den venta snømengda. Vidare er det anbefalt å:
- vurder om reisa er nødvendig.
- beregen ekstra tid til transport og køyring.
- bruke riktige dekk og køyre etter forholda.
- følge råd og sjekke status frå transportaktørar.
- sjekke veimeldingar (175.no).
- behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar.