Er du førebudd? – Eigenberedskapsveka 2024Tenk gjennom kva som kan ramme deg heime, og førebu deg best mogleg. Dersom straumen blir borte eller du blir isolert av uver i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst ei veke.EigenberedskapsvekaEigenberedskapsveka for 2024 blir arrangert i veke 44. Dette er ei landsdekkande kampanje som blir gjennomført av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommuner over heile landet.Målet er å gjere deg meir robust og i betre stand til å handtere kriser og uventa hendingar.Er du førebudd dersom noko skulle skje? Test deg på sikkerhverdag.noBrosjyre i postenI løpet av Eigenberedskapsveka vil alle hustandane i landet motta ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.Norske myndigheiter anbefalar at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølv i ei veke. I brosjyra får du konkrete råd om kva du kan gjere.Les korleis du kan klare deg sjølv i ei veke på sikkerhverdag.noDu er oppmoda til å lese brosjyra og styrke din eigenberedskap.Du finn brosjyra på ulike språk på sikkerhverdag.no Sist endra 30.10.2024 14.55