I år ønskjer vi å ta ei felles fot i bakken og rette blikket mot frivilligheita i Vestnes. Vi vil løfte fram gode døme på samarbeid, inkludering, nyskaping og rekruttering – og sjå på korleis vi saman kan styrke kvarandre vidare.
Program
- «Eit hjarte som bankar» – Visning av innbyggarfilmen frå Mangfaldsprosjektet i Vestnes kommune.
- Tonje Baltzersen orienterer om korleis innspela frå fjorårets forum til arealplanen er følgde opp.
- Frivilligsentralen presenterer si rolle. Korleis vi kan vere ein ressurs for frivilligheita, informasjon om ivestnes.no og samtale om vidare utvikling av Frivilligdagen.
- Gode døme frå frivilligheita – Inspirerande presentasjonar frå lokale lag og prosjekt.
- Borddialog – Gruppeoppgåver og samtalar om rekruttering, inkludering og samarbeid. Målet er å synleggjere praksis som fungerer, dele erfaringar og styrke kvarandre
Tid og stad
- Onsdag 29. april
- kl. 18.00 til 20.00
- Vestnes bibliotek
Påmelding skjer til frivilligsentralen@vestnes.kommune.no innan 24. april.
Frivilligheita står sterkt i Vestnes, og Frivillig Forum er ei viktig arena for nye perspektiv og erfaringsdeling på tvers av lag og organisasjonar. Vi håper de har høve til å delta.
Vel møtt!
Frivillig forum 2026