Har du bustad til utleige for ukrainske flyktningar?

Det er ikkje klart kor mange eller kven som eventuelt kjem til Vestnes, men vi førebur oss på å busette ukrainske flyktningar på kort varsel når det eventuelt kjem førespurnad frå IMDi. 

Prosessen med å ta imot flyktningar frå Ukraina og busette dei i kommunen følgjer same prosedyrer som busetting av flyktningar frå andre land.  Å skaffe bustad til flyktningar er kommunen sitt ansvar. Det er behov for å busette både i private og kommunale bustader.

For å få til dette treng vi di hjelp. Vi treng ei oversikt over tilgjengelege bustader og ber deg om nytte dette kontaktskjemaet. Dette skjemaet er ingen kontrakt, men ei kartlegging. Dersom det blir aktuelt med å leige, vil vi ta kontakt med deg.