Helsestasjonen flyttar midlertidig

Frå og med 7.mai flyttar helsestasjonen midlertidig til aktivitetssenteret. 

Sentralkjøkkenet i Vestnes skal bli rehabilitert i 2026. I byggeperioden skal det også bli utbetra skader på helsestasjonen. Helsestasjonen flyttar difor inn i midlertidige lokale ved Aktivitetssenteret. Helsestasjonen vil ha første dag i nye lokale 7. mai.

Adressa til Helsestasjonen er Aktivitetssenteret, Brugata 8, 6390 Vestnes. 

Helsestasjonen held til i 2. etasje.

Lokala ved Aktivitetssenteret sikrar at brukarane får eit godt tilbod medan dei faste lokala deira er under rehabilitering. Rehabiliteringa av sentralkjøkkenet og helsestasjonen er estimert å ta om lag 6-8 månader. Oppdatert informasjon om framdrift vert lagt ut på heimesida til Vestnes kommune.

Inngang til aktivitetssenteret frå utsida - Klikk for stort bileteInngang til aktivitetssenteret