INFLUENSAVAKSINERING OG KORONAVAKSINERING

Det er no sett opp datoar for influensavaksine og koronavaksine, vaksinane kan takast samtidig. Første vaksineringsdag er tysdag 22. oktober.

Det blir også i år samvaksinering med influensavaksine og ny oppdatert koronavaksine på legesenteret, ønsker du begge to så settast dei same dag:

  • TYSDAG 22. OKTOBER kl. 16:00 - 19:00
  • TORSDAG 24. OKTOBER kl. 16:00 - 19:00
  • TYSDAG 29. OKTOBER kl. 16:00 - 19:00
  • TORSDAG 31. OKTOBER kl. 16:00 - 19:00
  • TORSDAG 7. NOVEMBER kl. 16:00 - 19:00

Influensavaksine er anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annen tilleggsrisiko
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskap, frå 6 mnd til 5 år

Born og vaksne med:

  • Diabetes type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Nevrologisk sjukdom
  • Svekka immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme
  • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert influensavaksine anbefalt til: 

  • helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstjenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Koronavaksine er anbefalt til:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Personar mellom 18-64 år som inngår i risikogruppe
  • Ungdom mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Born 6 mnd - 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderar dette
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir auka risiko.  

Influensavaksina kostar kr 300. Koronavaksina er gratis. 

Influensavirus endrar seg heile tida. For å oppnå best mulig beskyttelse vert vaksina tilpassa kvart år. Vaksina bør takast frå oktober - desember, og full beskyttelse oppnås etter 10-14 dagar.

Du bestiller deg time for vaksinering på førehand.  

Det gjer du enten via pasientsky app eller du kan ringe Vestnes legesenter i åpningstida. 


Kommunelegen i Vestnes