Informasjon til innbyggjarane om overgang til nytt fagsystem ved Vestnes legesenter

Vestnes legesenter har måtte oppgradert sitt fagsystem grunna manglande supportløysing på det gamle.

Tidlegare sms timebestilling var dessverre ikkje mogleg å vidareføre gjennom det nye fagsystemet, då dette ikkje blir støtta i programvaren. Innføring av nytt fagsystem gir auka press på legetenesta og vi beklager ulempa dette vil medføre for den enkelte. Det er svært stor pågang både på telefon og innkommande meldingar, det er også vanskeleg å oppretthalde 2-dagars bestillingstid for reseptar. Akutthjelp blir alltid prioritert

Ny bestillingsmåte vil vere via PasientSky-app. Du kan laste ned PasientSky-appen til din telefon både på IOS og android. For timebestilling via app, velg "Alle tjenester" i det blå feltet og deretter  "annen henvendelse"

Minner om at ein sjølvsagt framleis kan ringe inn og bestille time - telefonnummer til Vestnes legesenter er 71 18 41 00.