Kva gjer vi bra og kva er unikt med lokalsamfunnet vårt?
Vestnes har ein sentral beliggenheit og vakker natur som gjer området attraktivt for både innbyggarar og besøkande. Kommunen har mange store og sterke firma, noko som bidreg til økonomisk stabilitet og arbeidsplassar. Ein sterk dugnadsand, og eit rikt kulturtilbod er også viktige element som set Vestnes på kartet som eit positivt og aktivt lokalsamfunn.
Kva burde vi ha vore betre på?
Kommunen må arbeide med å forbedre vedlikehaldet av offentlege bygg, særleg skular og barnehagar. Det er også behov for å fokusere meir på barn og ungdom sin psykiske helse. Langsiktig planlegging for framtida og økonomiske prioriteringar i det offentlege er område foreldra meiner bør forbetrast. Lite satsing utanfor sentrum blir óg sett på som ein svakheit.
Kva for moglegheiter bør vi utnytte framover?
Kommunen har mange moglegheiter for vekst ved å tiltrekke seg kompetanse og arbeide for å behalde og vidareutvikle den kompetansen som allereie finst i her. Gjennom å styrke offentleg skule og frivilligheita, gjennom idrett og kulturliv, kan kommunen vise at den satsar på barn og unge. Vidare vil utvikling av eit sterkt handelssentrum og meir reklame for natur og omgjevnader gjere kommunen meir attraktiv å flytte til. Å kutte administrasjon og utnytte teknologi for å skape nye arbeidsplassar er også strategiar for vidare utvikling.
Kva forhald vil gi Vestnes-samfunnet dei største utfordringane framover?
Manglande politisk og administrativ vilje til å investere for framtida kan føre til at viktige investeringar blir utsett. Utfordringar knytt til fraflytting, spesielt blant unge, og mangel på tilflytting grunna mindre færre jobbar, og dårlegare skule- og barnehagetilbod, kan svekke befolkningsveksten. Større utfordringar knytt til psykisk helse og rusbruk blant ungdom er óg ei utfordring. Dårleg styring av helsetenester og mangel på kvalifisert personale kan påvirke livskvaliteten til innbyggarane. Til slutt kan færre skatteytarar (eldrebølga) og dårleg kommuneøkonomi begrense utviklinga i Vestnes-samfunnet.
Kva bør kommunen prioritere framover?
Foreldra har mange synspunkt på kva kommunen bør prioritere framover.
Sjå alle innspela frå FAU sine møte her:
Tomrefjord barne- og ungdomsskule (PDF, 2 MB)
Helland barneskule (PDF, 2 MB)
Helland ungdomsskule avd. Tresfjord (PDF, 2 MB)