Arbeidet skjer i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, som eit ledd i kartlegginga av mineralressursane i fylket. Basen for flygingane er i Molde, og området som dekkast omfattar deler av kommunane Molde, Hustadvika, Vestnes og Ålesund.
I undersøkinga brukar NGU ei elektromagnetisk målesonde, som heng under helikopteret. Sonden registrerer elektrisk motstand i bakken og lokale variasjonar i jorda sitt magnetfelt. Det bidrar i den generelle geologiske kartlegginga.
Samtidig blir det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken. Desse undersøkingane kan avdekke moglege cesium-restar etter Tsjernobyl-ulukka i 1986. Naturlege bakgrunnsverdiar kan og gi ein pekepinn på radonnivået i utbygde områder.
Målingene blir utført av det innleigde helikopterselskapet Pegasus Helicopter AS frå Gardermoen i samarbeid med NGU. Sjølve målingane foregår ved at helikopteret flyg i parallelle linjer med ei konstant høgde på 60-75 meter over bakken. Det blir ikkje gjennomført målingar i dårleg ver, som tåke, regn, snø eller sterk vind.
Dataene blir etter kvart opna og vil vere tilgjengeleg for alle i kartdatabasen på NGU sine nettsider.
NGU vil forsøke å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Bestemte verneområde eller naturreservat blir ikkje berørt av flygingane. Dersom målingane ikkje kan samkøyrast med annen aktivitet, ønsker NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast.
Kontaktpersonar
Seksjonsleiar Marco Brönner, telefon: 48 60 76 96, e-post: marco.bronner@ngu.no
Sjefingeniør Frode Ofstad, telefon: 90 95 21 58, e-post: frode.ofstad@ngu.no
Området som skal undersøkast for geofysiske målingar med helikopter.
NGU