Korleis skal vi ta vare på pårørande i framtida?Vestnes kommune ønskjer dine innspel til korleis vi saman kan styrkje støtta rundt pårørande med krevjande omsorgsoppgåver.No kan du vere med og påverke korleis vi i Vestnes kommune kan leggje betre til rette for pårørande og familiar med store omsorgsoppgåver. Den digitale idédugnaden er open for alle som ønskjer å bidra med erfaringar, refleksjonar eller forslag til løysingar.Svar på undersøkingaVi håpar du tek deg tid til å dele dine tankar og erfaringar. Innspel frå menneske med ulike erfaringar og perspektiv er avgjerande for at vi skal kunne utvikle gode og berekraftige løysingar.Om spørjeundersøkingaSpørjeundersøkinga er ein del av prosjektet Helse og velferd på veg mot 2040, eit regionalt samarbeid mellom Vestnes kommune og kommunane Aukra, Hustadvika, Rauma, Kristiansund og Molde. Målet med prosjektet er å byggje kunnskap og utforske løysingar på korleis kommunane kan møte framtidige behov innan helse og velferd.Denne digitale idédugnaden handlar om korleis vi saman kan skape eit lokalsamfunn som gir betre støtte til pårørande og familiar med krevjande omsorgsoppgåver. Innspela vil vere ein viktig del av grunnlaget for arbeidet vidare.Undersøkinga er anonym, og vi samlar ikkje inn opplysningar som kan knytast til deg.Om prosjektet Helse og velferd på veg mot 2040:Prosjektet skal gi kommunane meir kunnskap om korleis vi kan møte framtidige utfordringar innan helse og velferd. Gjennom fleire dialogmøte utforskar innbyggarar, tilsette og politikarar ulike tema som blir viktige i åra framover.I lista under har vi samla lenkjer til prosjektet si nettside og innhald vi tidlegare har publisert om arbeidet:Prosjektet si nettside: helseogvelferd2040.noInviterer innbyggarar inn i arbeidet med framtidas pårørandestøtteKorleis skal vi saman sikre helsetenestene for framtida?Om Helse og velferd - på veg mot 2040 Sist endra 07.11.2026 08:34