Kulturprisen er på kr.10.000 og eit eige kulturprisdiplom.
Forslagsstillarar:
Eldbjørg Reite, Nils Aimar Brastad, Tor Erling Grønning, Birgit Dahlen, Nils Olav Talberg, Margunn Karin Hansen Talberg og Roar Selvnes.
Grunngjeving:
Øyvind Rypdal i Tresfjord Lyd og Lys har lagt ned tallause arbeidstimar for kulturlivet i Vestnes dei siste 20 – 25 åra, og har vore involvert i det meste som skjer på kulturfeltet i kommunen. Mellom anna har han i årevis sørga for fantastisk lyd og lyssetting på kulturskulen sine årlege forestillingar på Idahall, og vore lyd- og lysteknikar på revyar, teater og musikalar rundt om i heile kommunen. Han stiller alltid opp og er ein arbeidsmaur med eit utrulig godt humør, sjølv når det oppstår tekniske problem som må løysast. Han utviklar seg stadig som teknikar, og har gjennom åra opparbeidd seg eit stort utstyrslager som gjer han i stand til å ta på seg svært varierte oppdrag.
Øyvind er ein viktig bidragsytar til kulturlivet i Vestnes, men er ein som ofte ikkje blir sett då han jobbar i kulissene.
Vestnes kommune vil gratulere Øyvind Rypdal med årets kulturpris!
Kulturprisen blir markert og utdelt i samband med kommunestyret sitt møte den 12. desember.
Vestnes, 25.11.2024
Vestnes formannskap