Ledige omsorgsbustader ved Senior Plaza på VestnesDet kjem to ledige leilegheiter: ei med to soverom på om lag 70 m² og ei med eitt soverom på om lag 60 m². Begge ligg i første etasje.Husleiga er kr 9 060 per månad for den største leilegheita og kr 8 300 for den minste. TV er inkludert i husleiga. Fjernvarme og straum kjem i tillegg med kr 850 per månad for den største og kr 700 for den minste.Parkeringsplass inngår ikkje i leigeavtalen. Dyrehald og røyking er ikkje tillate. Begge leilegheitene har eigen balkong/terrasse.Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad, der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på. (PDF, 584 kB) Nærare opplysningar kan ein få hjå kontoret for tildeling og koordinering på telefon 476 57 385.Søknadsskjema for leige av kommunal bustad finn ein her.Søknaden må vere Vestnes kommune i hende innan 01.04.2026 Sist endra 26.02.2026 12.04