Livet og framtida i Vestnes kommune

Våren 2024 var det mogleg å kome med digitale innspel til kommuneplanens samfunnsdel. Heile 279 personer svarte på kva dei ser som våre største moglegheiter og utfordringar for framtida.  

Barn i leik - Klikk for stort bilete Ziggi

Den digitale innspelrunden blei annosert på kommunen sine nettsider,  kontoar i sosiale medier, samt på plakatar i butikkar og andre treffstader rundt om i kommunen. Vi fekk inn 279 innspel. Det var flest kvinner blant respondentane og dei aller fleste var i aldersgruppa 26-35 år. 

Heile rapporten kan du lese her:

Livet og framtida i Vestnes kommune - Resultat (PDF, 956 kB)

Det er vanskeleg å gi eit kortfatta samandrag av alle dei gode innspela vi har fått, men nokon tema og problemstillingar blir løfta av fleire med litt ulike formuleringar. Under kan du sjå eit samandrag av innspela.

Kva for tenester/tilbod er viktigast for deg og familien din? 

Dei tre viktigaste tenestene for dei fleste innbyggarane er gode helsetenester, eit godt skule/SFO-tilbod og kultur, idretts- og aktivitetstilbod for barn og unge.

 

Korleis synes du desse tilboda/teneste er i kommunen vår i dag?

Generelt synes dei fleste innbyggarane at vi har eit veldig bra handels- og servicetilbod, og veldig bra tilrettelagde turstiar og skiløypar. Det er størst einigheit om at skule/sfo, helsetenester og kollektivtilbodet bør forbetrast mykje. Fleirtalet synest at vi har eit OK kultur-, idretts- og fritidstilbod for barn og unge, medan dei er meir delt i synet på kultur-, idrett- og aktivitetstilbodet til vaksne, og dei sosiale treffstadene i kommunen. - Klikk for stort bilete

 

Kva for møteplassar bør vi satse meir på framover?

Dei tre møteplassane flest innbyggarar synest vi bør satse meir på er parkar, strender og andre møteplassar i friluft, idrettsanlegg og ungdomsklubb. - Klikk for stort bilete

Det er også nemnt 31 andre møteplassar som innbyggarane synest kommunen bør satse på. Av desse er det kulturhus og kulturskule sentralt plassert i kommunesenteret som merkar seg ut.

Deltar du i ein eller fleire frivillige lag /organisasjonar?

Heile 64,5% av dei som har svart på undersøkinga deltar i ein eller fleire frivillige lag eller organisasjonar. Dei som ikkje allereie deltar, blei spurt om kva som kunne gjere det meir attraktivt for dei å delta. Mange av dei peiker på tidsklemma og praktiske utfordringar, som mangel på barnepass og behovet for betre kollektivtilbod. For å auke deltakinga ønsker dei meir informasjon om aktivitetar og plassar der frivillige trengst, samt betre marknadsføring av kva tilbod som finst i kommunen. Eit ønske om meir samarbeid og inkluderande fellesskap går også igjen. Fleire meiner kommunen burde støtte meir opp om frivilligheita. Det er veldig få som ikkje er interessert i å delta i frivillig arbeid. 

Korleis kan vi best sikre at alle får delta og bli inkludert i samfunnet vårt?

Respondentane legg stor vekt på arbeidsplassar, med ønske om eit inkluderande arbeidsmiljø og tilrettelagte stillingar, også for uføre og sjuke. Slik kan vi sikre at alle får ein meiningsfylt kvardag og vi kan utnytte dei ressursane vi har i kommunen. 

Skule og utdanning bør prioritere varierte undervisningsformer, mindre klasser, og tidleg innsats for å førebygge mobbing og tilpasse undervisning til individuelle behov. Gode møtestader, som idrettsanlegg, kulturhus og parkar, er viktige for sosial interaksjon og fellesskap. 

Inkluderingsarbeidet krev samarbeid på tvers av organisasjonar, skule, næringsliv og kommune, samt ein positiv haldningsendring og respekt for mangfaldet blant oss. Informasjon om tilbod må vere tydeleg og tilgjengeleg for alle, gjerne på fleire språk. Det er òg eit ønske om større openheit, invitasjon til deltaking og brukarmedverknad i utforming av tiltak og politikk. 

Kva er viktig for deg med omsyn til jobb?

Det viktigaste for dei aller fleste er å ha ein sikker arbeidsplass. Deretter er det viktig med ein attraktiv arbeidsmarknad. Mange har også svart at det viktig for dei å ha ein arbeidsplass innanfor kommunegrensa.  - Klikk for stort bilete


Arbeidsmiljø, fagleg utvikling og gode kommunikasjonsmoglegheiter til byane er nokre av dei andre punkta respondentane trekker fram.

Kva for næringar bør vi satse på for å gi grunnlag for arbeidsplassar og verdiskaping framover?

Maritim industri er eit sentralt tema. Ta vare på og vidareutvikle eksisterande skipsindustri. Vi bør også legge til rette for utviklinga av næringane rundt skipsindustrien med vekt på grøn omstilling. 

Service, handel og reiseliv er òg viktige område. Utvikle lokalsamfunnet sitt potensiale gjennom turisme og handelsnæringa. 

Det er behov for å satse på innovasjon og nye moglegheiter, spesielt innan teknologi, grøn energi og sirkulærøkonomi og såleis skape fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen. Landbruk, havbruk og lokal matproduksjon blir nemnt som sentrale næringar. I tillegg blir betydninga av helse, omsorg og oppvekstsektoren understreka for å skapa eit attraktivt lokalsamfunn for innbyggarane. 

Bustadutvikling:

Det er stor semje om at vi bør satse på bustadutvikling i heile kommunen, at vi bør legge til rette for fleire typar bustader og fleire ulike eigarformer. Det er aller størst semje om at vi bør arbeide aktivt for at tomme hus blir lagt ut for sal eller satt i stand for utleige. - Klikk for stort bilete

Det er stor semje om at vi bør satse på bustadutvikling i heile kommunen, at vi bør legge til rette for fleire typar bustader og fleire ulike eigarformer. Det er aller størst semje om at vi bør arbeide aktivt for at tomme hus blir lagt ut for sal eller satt i stand for utleige.

Korleis kan kommunen legge til rette for at du kan ta klima- og miljøvenlege val?

Dei aller fleste peiker på ulike måtar vi kan redusere utslepp frå transport. Betre gang- og sykkelvegar vil gjere det enklare å velje bort bilen. Det er òg behov for eit betre kollektivtilbod, med fleire avgangar også på kveldstid. Auka gjenbruk, tilrettelagde renovasjonsordningar og støtte til initiativ som reduserer avfall også viktige tema. Vidare etterspør innbyggarane meir informasjon og bevisstgjering om berekraftige val. Kommunen bør vere eit forbilde og sjølv fokusere på grøne innkjøp og tiltak.

Korleis vil du vurdere desse utsegnene om planlegging av areal?

Det er stor semje om at vi bør legge til rette for småskala næringsverksemd i tilknyting til landbrukseigedomar, mens innbyggarane er meir delt i synet på om vi bør gi unntak frå buplikta på slike eigedomar. Dei aller fleste meiner vi bør ta vare på naturmangfaldet gjennom å hindre nedbygging i viktige område, dersom vi må bygge ned natur bør vi restaurere natur andre stader.

Kva for moglegheiter ser du for kommunen framover og kva for utvikling i samfunnet kan vi utnytte til vår fordel?

Kommunen kan vere ein viktig aktør i å støtte overgangen til ein meir berekraftig ressursbruk og samarbeide med næringslivet for å fremje denne utviklinga.  Det er store moglegheiter innan ny teknologi. Fokus på teknologidrivne bedrifter og ein satsing på å skape ein meir variert arbeidsmarknad kan også sikre oss fleire kompetansearbeidsplassar i kommunen. 

Forbetring av infrastrukturen, inkludert vegar og kollektivtransport, er avgjerande for å auke tilgjengelegheita og attraktiviteten til kommunen. Vi bør òg legge til rette for varierte og attraktive bustader, spesielt for unge i etableringsfasen. 

Kommunen har ein fantastisk natur som vi bør utnytte ved å legge til rette for turistaktivitetar, friluftsliv og opplevingar som kan trekke til seg besøkande. 

Samarbeid mellom kommunen, næringslivet og lokalsamfunnet er viktig, samt å legge til rette for inkludering av innflyttarar og grupper som i dag står utanfor.

Kva meiner du vil bli våre største utfordringar framover?

Vestnes kommune står ovanfor mange utfordringar i åra som kjem. Den økonomiske situasjonen for kommune, næringsliv og for privatpersonar er sjølvsagt ein stor utfordring som påverkar alle tema og alle sektorar. 

Respondentane er opptekne av «eldrebølga», vi vil få eit aukande tal eldre og færre unge. Det vil legge press på helse- og omsorgstenestene i kommunen og mange er bekymra for tilgangen på gode helsetenester framover. Det blir òg peika på skuletilbodet i kommunen, både når det gjeld innhald, rekrutteringa til læraryrket og dei fysiske forhalda i skulebygga. Vi må ta betre vare på ungdomen vår. Attraktive fritidstilbod og andre sosiale møteplassar, samt tilgjengelege tilbod innan psykisk helse blir sett på som viktig for å hindre utanforskap. 

Det blir peika på behovet for å tiltrekke seg fleire arbeidsplassar og legge til rette for eit variert næringsliv, samtidig vil vi få utfordringar knytt til rekruttering av rett kompetanse på rett plass. Det blir peika på at det er naudsynt med fleire arbeidsplassar i kommunen om vi får auka bompengeutgifter mot byane. Det er eit ønske om meir nyskaping, både innanfor politikken og innanfor næringslivet. Fleire trekker fram behovet for langsiktig planlegging, betre økonomisk styring og ei betre forvaltning av naturressursane våre. 

Kunne du tenke deg å flytte til Vestnes kommune ein gong i framtida?

Vi fekk også innspel frå personar som ikkje bur i kommunen vår i dag. Mange av dei kan kanskje tenke seg å flytte hit ein gong i framtida. For å gjere det meir attraktivt å flytte hit ønska dei gode skular, attraktive og relevante arbeidsplassar og god tilgang på bustader. Dei ønsker seg òg gode møteplassar, eit betre kollektivtilbod og at kommunen tør å ta vare på klima, miljø og natur i større grad.