Myra varmebasseng vert stengtPå grunn av funksjonssvikt i ein driftskritisk del av det tekniske anlegget ved Myra varmebasseng vert bassenget stengt i veke 5 og veke 6. (frå 27.januar til og med 9.februar) inntil vidare.Feilen ved anlegget er lokalisert og nye deler er i bestilling. Det er forventa at delene blir levert i starten av veke 6, men på grunn av faren for forseinkingar med levering og komplikasjonar i samband med montering vel vi no å stenge bassenget også heile neste veke. Dersom det viser seg at reperasjonen tek kortare tid enn forventa vil vi kunne opne opp for bruk mot slutten av veke 6.Oppdatering: Feilen ved det teknisk anlegget ved varmebassenget på Myra er meir omfattande enn først antatt. Bassenget vert difor stengd inntil vidare. Vi arbeider no tett opp mot leverandøren for å lokalisere og reparere feilen, men kan enno ikkje seie sikkert når bassenget vil bli gjenopna for normal drift. Bassenget vil bli opna så raskt som mogleg og opning vil bli kunngjort på kommunen sine digitale flater.Vi beklagar dette og seier oss lei for dei ulempene dette medfører for dykk som brukarar av bassenget. Sist endra 12.02.2025 15.31