Næringstomt på Skorgeneset industriområde til sals

På Skorgeneset industriområde i Vestnes har Vestnes kommune for sal ei næringstomt på 4.435 m². Tomta har adkomst frå kommunevegen i aust. 

 
Tomta har vore seld før, men har blitt kjøpt attende av kommunen. Ved interesse for kjøp må det sendast søknad til Vestnes kommune. Det er berre skriftlege søknader som vert vurdert. Ved søknad og sal av tomta gjeld dei vedtekne tildelingsreglane for næringstomter i Vestnes kommune (PDF, 269 kB).

Dette inneber mellom anna:

  • Pris på tomta er fastsett til ca kr. 197.000, inkl. omkostningar.
  • Tomta kan ikkje delast opp.
  • Søkjar plikter å gjere seg kjent med reguleringsføresegnene for tomta og området.
  • Tomta skal bebyggast innan 3 år. Om ikkje dette vert oppfylt har kommunen tilbakekjøpsrett.
  • Tomtene vert seld med veg, vatn og avløp fram til tomtegrensa.
  • Som hovudregel er det berre firma eller registrerte føretak som kan søkje.
  • Søkjar må gjere seg kjent med og vere innforstått med vilkåra i kommunen sin kjøpekontrakt (PDF, 237 kB)
  • Tomta vert seld «as is».

Det må i søknaden gå fram kva firma som søkjer og kva formål søkjaren har for tomta. I tillegg må det opplysast om forventa byggestart og framdriftsplan.

Søknaden må vere Vestnes kommune i hende innan 15.09.2022. Søknad sendast enten pr. post til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes, eller pr. e-post til postmottak@vestnes.kommune.no. Eventuelle spørsmål kan rettast til Øystein Hole, tlf. 94 14 62 73 eller pr. e-post til oystein.hole@vestnes.kommune.no