Ny gapahuk ved Helland barneskule

FAU ved Helland barneskule har dei to siste skuleåra jobba med prosjektet "Klasserom under open himmel", og no står endeleg gapahuken ferdig. Dette blei markert med ein stor opningsfest.

Både kommunen og næringslivet har vore velvillig til prosjektet og bidratt på ulikt vis til å komme i hamn. Idag fekk ordføraren den store æra av å klippe snora under offisiell opning framfor mange spente skuleelevar, tilsette og foreldre. Dette er eit prosjekt som vise at alt er mogleg dersom vi jobbar saman. Det er slike prosjekt som bygg fellesskap og trivsel i kommunen vår, sa ordføraren.

Marsipankake til opningsfesten - Klikk for stort bilete Kathrine Bergsli Klokset Bilde av gapahuken - Klikk for stort bilete Kathrine Bergsli Klokset