Nye stemmer i kommunen vår

Kva synst dei som kjem hit utafrå? Eller dei som kjem heim igjen? Vi har tatt ein liten prat med sju personar som har flytta til kommunen dei siste åra.

Kaffeprat på sjøfronten på Helland i Vestnes kommune - Klikk for stort bilete

Dei som flyttar hit frå andre stader i landet kan sjå på kommunen vår med litt andre auge enn oss som har budd her lenge. Kva synast innflyttarane om kommunen vår? Vi har tatt ein rask kaffeprat med ein innflyttar eller heimflyttar i kvar bygd. Vi har snakka med 5 kvinner og 2 menn og alle i er alderen 20 - 40 år. Nokre single og nokre småbarnsfamiliar.

Dei som kjem frå andre kantar av landet har flytta hit på grunn av ein sambuar med tilknyting til kommunen. Mens dei som kjem frå regionen har flytta hit på grunn av jobb. Nærleik til familie, gode turmoglegheiter og nærleiken til omkringliggande byar blir nemd når dei fortel kva som var den utløysande faktoren da dei valde å flytte. Det kan også vere avgjerande at arbeidsgivar gir moglegheit til å arbeide hybrid slik at man kan flytte “på landet”, men likevel behalde jobben i byen.

“Større moglegheiter for fast jobb og rimeleg bustad samanlikna med nærliggande byar. Følte meg ønska!” - Kvinne 31

Dei fleste trivst godt og føler seg godt motteke i lokalmiljøet og i kommunen. Nokon er litt bekymra for bemanningssituasjonen i barnehagen deira.  Alle ser for seg at dei blir verande i kommunen vår i framtida.

“Nærleiken til naturen og den friske lufta opplevast som ein friheit i kvardagen. ”  - Kvinne 36

“Vi trivst elles godt, og med flott ferjetilbod er det fint å kombinere jobb i Molde med å bu i landlege omgjevnader.” - Mann 32

Kva er bra med bygda du bur i og kva er bra med kommunen vår?

  • Landbruksmiljøet er sterkt,  det er aktivitet i bygda og folka er imøtekomande. 
  • Det skjer ting og vi har skule, barnehage og butikk. Bra det er barnehagar og skule i bygdene. Men att det trengs friskular i bygdene fordi kommunen vil flytte alt til Vestnes/Tomrefjord er ikkje bra.
  • I Tomrefjord er vi glade for Idrettsbygget og Tomrefjord Kristne Forsamlingshus. God dugnadsånd overalt. 
  • I kommunen set me ekstra pris på naturen generelt, og Braud er det beste som har skjedd Vestnes sidan eg flytta heim etter mange år vekke.  
  • Det er godt samhald i bygda og fint at vi har ein møteplass. 17. mai-arrangementet og ulike aktivitetar for barn, familiar og vaksne bidreg til det gode samhaldet og er naturlege treffpunkt for bygdefolket.
  • Det er mykje å delta på i Vestnes, og mykje positivt som har skjedd i sentrum dei siste åra. Det er eit bra utval med butikkar, og vi har alt tilgjengeleg samstundes som vi kan bu svært landleg. Det er fine turmoglegheiter rett i nærleiken. 
  • Eg likar at sentrum er kompakt og at det er relativt mye liv her, samanlikna med andre kommunesentrum av same storleik. Eg er veldig glad i biblioteket og i Braud. Det er fint å bu med gangavstand til mange tilbod for meg som ikkje køyrar bil. 
  • Det beste med bygda er at det er stille og roleg og at eg har nærleik til skogen, fjellet og mange turstiar. 
  • Eg likar at sentrum ikkje er så stort, men likevel kan tilby det meste eg treng i kvardagen av butikkar og tenester.
  • Bygda har ein veldig god barnehage og eg har også fått eit godt inntrykk av skulen. Eg oppfattar tenestene i kommunen som generelt gode samanlikna med andre kommunar eg kjenner til.
  • Det er også eit godt utval av fritidstilbod og mange av aktørane er flinke med kommunikasjon på sosiale medium slik at ein får med seg kva som skjer. Likar godt kontoen “iVestnes” på Instagram. 
  • Det er godt fellesskap og naboskap, og ein tryggleik i at alle kjenner alle. Vi har blitt invitert med i frivillige lag og dagtilbod i området der vi bur. 
  • Nærleik til gode turløyper som er godt merka i bygda og i kommunen generelt.
  • Vestnes har fått til å vere eit sentralt møtepunkt med eit godt og levande sentrum. Fornøgd med informasjonen vi får frå kommunen si nettside.

Kva saknar du?

  • Ikkje mykje, men strekninga Hjelvika – Gjermundnes manglar gang- og sykkelveg. Ønsker å sleppe å vere avhengig av bil og kunne bruke sykkel som framkomstmiddel i størst mogleg grad. 
  • Ein plass der ein kan aktivisere dei minste barna på dagar der ein ikkje ønsker å vere utandørs. T.d. leikerom og svømmebasseng.  Saknar også ein restaurant med uteservering om sommaren.  
  • Sosialt nettverk
  • Eit betre kollektivtilbod som knytt byane i fylket saman og også gjer det enklare å ferdast mellom bygdene og kommunesenteret. Enklare tilgang til turstiar i heile kommunen utan å måtte bruke privatbil.
  • Eit meir variert restauranttilbod (T.d. indisk, sushi) Tilbod i sentrum retta mot fjorden, gjerne ein serveringsstad med uteservering. 
  • Fleire turstiar som er universelt utforma og som eignar seg til å gå med barnevogn. 
  • Det er stort behov for ny felles ungdomsskule.
  • Publikumsbading for småbarn (0-5år) i ein svømmehall som har varmt nok vatn. I Tomrefjord svømmehall er det iskaldt og uuthaldeleg for dei yngste. Generelt betre tilbod for publikumsbading.
  • Yngre menneske som busett seg i bygdene.

Kva for tema er spesielt viktig for deg?

  • Gode oppvekstvilkår (barnehage-, skule- og fritidstilbod)
  • Det er stort behov for ein ny felles ungdomsskule både med tanke på det sosiale og det faglege. Barnekulla blir mindre og dette påverkar miljøet på skulane. Det blir lettare mobbing og utanforskap, samstundes som det blir eit sårbart lærarmiljø dersom skulen t.d. berre har ein faglærar innan kvart felt.
  • Korleis tek vi vare på barn og unge som slit? Tidleg, tverrfagleg innsats kan hindre større problem og utanforskap seinare i livet.
  • Desentralisering - ta vare på bygdene
  • Kollektivtilbod -  hyppigare avgangar til Molde og Ålesund er avgjerande for at Vestnes kan vere ein attraktiv bukommune med ein større arbeidsmarknad. Eit busstilbod som korresponderer med tog- og flyavgangar vil også knytte oss tettare til Oslo, det vil gjere det enklare å jobbe hybrid.
  • Arbeidsmarknad - Det er lite kompetansearbeidsplassar i kommunen. Regionen har også få statlege arbeidsplassar. Dette er nok ein problemstilling i mange distriktskommunar. Fleire kvinner tek høgare utdanning og det er ikkje nok relevante jobbar i heimkommunen til at dei kjem heim igjen. 
  • Psykisk helsetilbod for alle aldrar
  • Fastlegetilbod
  • Landbruk
  • Mindre og rimelegare bustader som kan gjere det enklare for aleinebuande.
  • Tettstadsutvikling - min oppfatning er at det nok ofte blir heia fram private initiativ til aktivitet, utan at det stillast så mange krav. Det blir lite heilskapleg mtp. arkitektur, estetikk og stadskvalitet. Det er mykje fint innimellom som ikkje er så lett å få auge på. Sentrum framstår som grå med veldig mykje parkeringsareal. Sjølv om sentrum er kompakt er det ikkje mogleg å gå mellom dei ulike tilboda utan å krysse store parkeringsareal.