Oppdatert koronavaksine tilgjengeleg frå veke 38

Frå veke 38 vil Vestnes legesenter ha den oppdaterte Comirnaty Original/Omicron BA.1 vaksina tilgjengeleg for oppfriskningsdoser.

Kommunen vil halde fram med vaksinering på Idahall. Første dato for når ein kan bli vaksinert med oppdatert oppfriskingsdose er torsdag 22. september frå kl 16.

Dei over 65 år kan bestille dose 4.

Dersom du allereie har time kan du endre denne om du vil utsette di oppfriskningsdose. Ta då kontakt med legesenteret.

Les meir om koronavaksinering her.