Ordførar Randi Bergundhaugen har gått bortVår kjære ordførar Randi Bergundhaugen gjekk bort i dag, 09.10.2026.Ho har betydd mykje for Vestnes-samfunnet og for oss i Vestnes kommune. Som ordførar har ho vore ei kraftfull stemme og representert Vestnes med stort engasjement.Vi er takksame for innsatsen hennar for kommunen vår og vil minnast henne med stor respekt og varme. Ho vil bli hugsa både for arbeidet ho har lagt ned for Vestnes og for den ho var som menneske.Våre tankar og medkjensle går til ordførar Randi sin familie og vener i sorga. For å heidre minnet etter ordføraren vil kommunen flagge på halv stong. KondolanseprotokollAlle som ønskjer å skrive ei siste helsing, kan gjere dette i kondolanseprotokollen på servicekontoret på rådhuset. Protokollen er tilgjengeleg alle kvardagar frå kl. 07:00 til 16:00.Kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg til og med gravferdsdagen fredag 23. oktober. Randi Bergundhaugen Hans Kristian Thorbjørnsen Sist endra 12.10.2026 12:42