Overvaking av stor granbarkbille

Vestnes kommune er med på NIBIO sitt overvakingsprogram av stor granbarkbille. Granbarkbilla er det insektet som gjer mest skade på gran i Noreg og Europa.

Overvaking av stor granbarkebille - Klikk for stort bileteBarkbillefelle i Vestnes kommune. Skogansvarleg i Vestnes kommune Hilde Valved og Fylkesskogmeister Christina Qvam Heggertveit. Statsforvaltaren v/Fylkesskogmeister Odd Løset

Det er tidlegare ikkje påvist stor granbarkbille i Vestnes kommune. Granbarkbilla må ikkje forvekslast med gransnutebilla, som allereie skapar problem for ein del skogeigarar i kommunen. Vi har saman med Statsforvaltaren satt opp ei felle i eit nyhogd granfelt på Vågstranda, og det skal overvakast heile sommaren. 

Les meir om kartlegginga her