Pårørandevenn er eit resultat av eit interkommunalt prosjekt i samarbeid med kommunane Aukra, Hustadvika, Molde og Rauma, samt Helse Møre og Romsdal.
Tilbodet er for deg som er pårørande til ein alvorleg sjuk heimebuande, og som står i ei krevjande omsorgsrolle.
Ein pårørandevenn er ein frivillig over 18 år som kan bidra med sosial støtte og praktisk hjelp, men skal ikkje erstatte helsehjelp.
Kva kan ein pårørandevenn bidra med?
- Samtalar og sosial støtte
- Vere ein turvenn
- Følgje og transport
- Hjelp til matlaging, servering og vere selskap under måltid
- Enkle praktiske oppgåver i heim og hage
- Hjelp med kjæledyr
- Vere med å leggje til rette for kvardagen rundt pårørande og pasient
Treng du ein pårørandevenn eller ønskjer du å bli ein?
Vestnes frivilligsentral har ansvar for å rekruttere og følgje opp pårørandevenner og matche frivillige med familiar som ønskjer støtte.
Ta kontakt med Vestnes frivilligsentral for meir informasjon:
E-post: frivillig@vestnes.kommune.no
Telefon: 974 84 478