Sakna mann funnen omkommen

Ein mann som har vore sakna etter ein fjelltur i Romsdalsfjella er no funnen omkommen etter ei fallulukke.

Trond Neraas er tilsett som kontaktlærar for 4. klasse ved Helland barneskule i Vestnes kommune.
Våre tankar og djupaste medføling går til næraste familie, kollegaer og elevane.

Vestnes kyrkje held ope frå kl 18:00 i dag for dei som har behov for å møtast. Kommunen sitt psykososiale kriseteam vil vere tilstades.

Opplysningane er gitt ut i samråd med familien.