Slik minnast vi H.M. Kong Harald V

Det er med djup sorg vi har motteke bodskapet om at Hans Majestet Kong Harald V har gått bort.

Gjennom sitt lange virke har Kong Harald vore eit samlande symbol for Noreg. Vestnes kommune minnest Kong Harald med respekt, takksemd og varme for innsatsen han gjennom eit langt liv har lagt ned for landet vårt.  

Kondolanseprotokoll

For dei som ønskjer å skrive ei siste helsing, er kondolanseprotokollen tilgjengeleg på servicekontoret på rådhuset og i foajeen på Stella Maris.

Kondolanseprotokollen er frå 1. september tilgjengeleg på følgjande tider:

  • Servicekontoret på rådhuset: 
    • alle kvardagar kl. 07:00 - 16:00
  • I foajeen på Stella Maris (ved hovudinngangen):
    • Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 07:00 - 18.00
    • Torsdag kl. 07:00 - 19:00

Kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg innanfor desse opningstidene til og med gravferdsdagen 9. september.

Flagging

Vi flaggar på halv stong i tråd med nasjonale føringar. Flagga ved kommunale bygg vil vere på halv stong fram til etter gravferda.

Blomar

Blomar kan leggast ned ved flaggstengene ved kyrkjene i Vestnes kommune.

Kyrkja

For meir informasjon om kva kyrkja gjer kan du sjå den norske kyrkja sine nettsider.

Offisielt portrett av Kong Harald V i mørk gallauniform med ordnar og dekorasjonar. Fotoet er teke framfor ein nøytral grå bakgrunn. - Klikk for stort bileteHans Majestet Kong Harald V Kongehuset.no