"Snakk om sjølvmordstankar - det kan redde liv"

Vestnes kommune er med i lanseringa av Folkehelsekampanjen i regi av Region midt for å auke kunnskapen og få fleire til å få hjelp med å håndtere sjølvmordstankar.

Sjølvmordsforebygging er eit stort samfunnsproblem og råker mange. Ein stor andel av dei som har auka risiko for sjølvmord, kjem i dag ikkje i kontakt med hjelpeapparatet. Derfor treng vi å nå lenger ut i befolkninga med informasjon om kva folk kan gjere for å få hjelp eller skaffe hjelp til risikoutsette.

Vestnes kommune støtter denne viktige kampanjen fordi vi ynskjer å bidra til eit opnare samfunn, der det å snakke om sjølvmordstankar kan utgjere at fleire får hjelp.

I fem veker framover vil vi rette søkjelyset på ulike tema om korleis ein kan gå fram for å skape eit opnare lokalsamfunn med fokus på aksept og kunnskap om psykisk helse. Eit lokalsamfunn som er med på å motverke fordommar, bryte tabuar og dermed leggje til rette for å snakke om det som er vanskeleg, vil dermed verke forebyggjande.

Med oss i kampanjen er vi så heldig å ha fått med oss Vestnes sin flotte og folkekjære Knut Marius. Ikkje berre har han godkjent at både Vestnes og Region midt skal få bruke sangen han har laga Kan du hjelpe mæ å Hjelpe, han har og kome med ein eigen appell som rettar seg mot det å kunne samle mot til å snakke om det som er vondt og vanskeleg.

Menn søkjer mindre hjelp

Kampanjen skal nå ut til alle innbyggarane, men med eit særskild fokus for menn mellom 40 og 60 år. Dette med bakgrunn i at 2 av 3 sjølvmord skjer blant menn, samstundes som dei er mindre flinke til å søkje hjelp eller støtte. Den største årsaka til at menn dør, er at dei ikkje kontakter lege og helsevesen. I fjor auka sjølvmordstalla for menn, og dei har ikkje vore så høge på 30 år. Årsakane er samansette, og det er viktig å rette fokus mot menns mentale helse og utfordringar dei møter. Iverksetting av tiltak som gjer at fleire menn tør å vere open om det som er vanskeleg er ein del av det.

Råd til deg som har sjølvmordstankar

Tenkjer du at livet ikkje lenger er til å halde ut, gje nokon ein sjanse til å forstå korleis du har det. Å snakke om det er kan være det første steget på vegen for å få det betre. Det kan opplevast vanskeleg å snakke om sjølvmordstankar med andre, og mange vil helst klare seg sjølv. Når ein har det vanskeleg er det lett for at sjøltilliten vert dårleg.  Det å trenge hjelp frå andre når vonde tankar og kjensler dukkar opp og samstundes kjenne på skam over å trenge hjelp kan verke uoverkommeleg for mange. Situasjonen kan oppleves fastlåst, og det kan vere vanskeleg å sjå løysingar. 

Likevel, dersom du kjem over denne terskelen, og snakker med ein du stoler på, kan du få hjelp til å sjå løysningar. Å snakke om det er å gjere noko med det, og det er det første steget for å ta tak i problema. Du hjelper deg sjølv om du tillet at andre får hjelpe deg.

Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv

Har ein du kjenner endra seg i det siste? Eller sagt noko på ein måte som gjer deg bekymra? Er du uroleg for om han eller ho tenkjer på å ta livet sitt? Våg å bry deg! Eller er du ein som slit med sjølvmordstankar sjølv? Gje nokon sjansen til å forstå korleis du har det. Oppsøk profesjonell hjelp. På helsenorge.no/selvmordstanker finn du tips til korleis du kan snakke om sjølvmordstankar og kvar det finst hjelp.   

1 av 20 har sjølvmordstankar i løpet av livet. Sjølvmordstankar kan kome i tøffe periodar, som ved samlivsbrot, konfliktar, sjukdom, problem på jobben eller ved psykiske vanskar som depresjon. For nokon kan det vere tankar om at livet ikkje er verdt å leve, for andre kan det vere konkrete tankar om å ta sitt eige liv.   

Å snakke om det er å gjere noko med det