Snøbrøyting

På grunn av tidvis uvanleg store snømengder denne vinteren, vil vi måtte forvente at det kan vere vanskeleg å halde ønska standard til ein kvar tid. Vi ber om forståelse for dette.

Entreprenørane våre prøvar å gjenomføre brøyting og fresing av snø på ein slik måte at det ikkje med medfører urimelege konsekvensar for hus – og grunneigarar. Men det er ofte trangt om plassen og mange omsyn å ta.
Trafikksikkerheit og framkommelegheit må alltid prioriterast først. 

Som grunneigar langs kommunevegen vil du oppleve at det vert brøyta snø inn på eigedomen din. Som hovudregel er dette å rekne som innafor tålegrensa etter nabolova sine bestemmelsar, med mindre brøytinga skjer på ein uforsvarleg og etter omstenda lite omsynsfull måte. I perioder med uvanleg stort snøfall vil tålegrensa bli utvida tilsvarande. 

Vi ber alle om å hjelpe til med å halde vegkantar og snuplassar fri for parkerte bilar, slik at entreprenørane våre får gjordt jobben sin. 

Lenke til brøyting og strøing i Vestnes kommune.