Sterk og stødig er eit nasjonalt treningskonsept for personar over 65 år som bur heime og i hovudsak klarer seg sjølve, men som kan kjenne seg litt ustø i enkelte situasjonar. Målet er å førebygge fall og funksjonstap gjennom regelmessig og tilpassa trening.
Konseptet er forankra i kommunen, men blir drive av frivillige instruktørar med opplæring i metoden.
Sosialt og førebyggjande tilbod
Sterk og stødig er meint som eit førebyggjande og helsefremjande tiltak, og gir samtidig høve til sosialt fellesskap rundt trening. Kor mange som melder seg på, vil avgjere korleis gruppa blir organisert vidare. Tilbodet er gratis ut vårsemesteret
Treninga legg hovudvekt på styrke i beina, balanse og koordinasjon. Øvingane blir gjennomførte både ståande og gåande, og er tilpassa deltakarane sitt nivå. Treninga er kvar torsdag og følgjer skuleruta, med pause i skuleferiar.
Tid og stad
Treninga går føre seg på Myra kulturbygg.
Kvar torsdag er det to separate treningsgrupper:
- Gruppe 1: torsdag kl. 11.00–12.00
- Gruppe 2: torsdag kl. 12.30–13.30
Tilbodet følgjer skuleruta, med pause i skuleferiar.
Påmelding og spørsmål
Påmelding og spørsmål går gjennom fysioterapeut Torun Grindvik Weibust.
E‑post: torun.weibust@vestnes.kommune.no
Telefon: 41 61 73 01