Strakstiltaka på E39 Vestnes ferjekai er i gang

Statens vegvesen er no i gang med strakstiltak på E39 ferjekai. Dei som parkerer og skal ta ferje utan bil bør berekne litt meir tid.

Køyretøy på Vestnes ferjekai - Klikk for stort bileteArbeida er i gang denne veka på E39 Vestnes ferjekai. Statens vegvesen

Strakstiltaka blir gjorde for å sikre trafikktryggleiken for mjuke trafikantar, med betre styring av trafikken til og frå parkeringsareala, forkorte lengda for fotgjengarkryssing og leggje betre til rette for på- og avstigning til buss.

Furneskiosken skal rivast og det kommer eit heilt nytt servicebygg nærare kaia. I tillegg skal det lagast sykkelparkering og ei vidareføring av renovasjonsløysinga. Målet er at arbeida med strakstiltaka skal vere ferdig før jul i år.

Les meir på Statens vegvesen sine nettsider