Tilskotsordninga «Tilskot til inkludering av barn og unge» er no lyst ut for 2023

Vestnes kommune har meldt seg på ordninga, og kommunale instansar, frivillige lag og organisasjonar og andre kan no søke om midlar i Bufdirs søknadsportal. Tilskot til inkludering av barn og unge er ei treårig tilskotsordning. Det vil seie at ein kan søke om midlar for ei periode på inntil tre år om gongen.

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Samfunnsdeltaking vil seie tilknyting til fritidsaktivitetar, kulturliv, utdanning, organisasjonsliv, demokratisk deltaking og arbeidsliv.

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike årsaker står i fare for å hamne i utanforskap.

Søknadsfrist 18.11.2022

Meir informasjon og korleis du søker finn du på nettsida til tilskotsordninga