TV-aksjon 2024 går til Barnekreftforeninga

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeninga som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet er under behandling. 

Ordførar Randi seier at ho veit kor viktig det er å ha gode tilbod når ein er alvorleg sjuk. Ho oppfordrar innbyggarane i Vestnes til å bli med på årets aksjon.

Vi treng omlag 90 bøsseberarar for å gjennomføre aksjonen i Vestnes, og vi i kommunekomitéen veit av erfaring at innbyggarane i Vestnes er flinke til å stille opp.  Bøsseberaren er hjartet i verdas største dugnad, og er viktigare enn nokon gong.  Det er menneskemøtet i døra som gjer at folk gir til TV-aksjonen. 

Barnekreftforeninga sitt mål er at ingen barn skal dø av kreft. Inntil vi kjem dit, skal vi gjere det vi kan for at familiane som blir ramma skal leve så gode liv som mogleg, skriv generalsekretær i Barnekreftforeninga Trine Nicolaysen i årets TV-aksjonsbrosjyre. Ved å støtte årets aksjon bidreg du til å skape rom for gode stunder i ei vond tid.  

Søndag 20. oktober går vi saman for små heltar.

Registrer deg som bøsseberar på tvaksjonen.no 

eller ta kontakt med Vestnes Frivilligsentral.

Takk for at du er med på laget!

Kommunekomiteen som arrangerer TV-aksjonen i Vestnes er f.v. Birgit Vollen, Randi Bergundhaugen og Ingrid Skjegstad - Klikk for stort bileteKommunekomiteen som arrangerer TV-aksjonen i Vestnes er f.v. Birgit Vollen, Randi Bergundhaugen og Ingrid Skjegstad

Kommunekomitéen i Vestnes
Ordførar Randi Bergundhaugen
Birgit Vollen, Vestnes Frivilligsentral
Ingrid Skjegstad, kulturrådgivar