TV-aksjon 2022 - Illustrasjonsbilde
Dei innsamla midlane frå årets TV-aksjon skal bidra til å forebygge epidemiar og behandle kjente og ukjente sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone.
Leger uten grenser skal gje vaksiner, tilgang til livreddande medisinar og helsehjelp. I samarbeid med forskingsorganisasjonen DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane også brukast til å utvikle medisinar mot gløymde, dødelege sjukdommar.
100 000 bøssebærarar bankar på 2,5 millionar dører på aksjonsdagen.
Vi treng bøssebærarar i alle bygdene - bli med på dugnaden du også!
Meld deg som bøssebærar her
eller ta kontakt med Karianne Austnes eller Ingrid Skjegstad.
Men ønske om ein god TV-aksjon!
TV-aksjonen i Vestnes kommune;
Randi Bergundhaugen, ordførar
Ingrid Skjegstad, kulturrådgjevar
Karianne Austnes, dagleg leiar Vestnes Frivilligsentral.
Les meir om årets TV-aksjon