Mottakarane av årets ungdomsstipend er:
Franz Amdam Wirthenstätter
Franz begynte med karate då han var 6 år, og har trent med stor glede og entusiasme samanhengande i 8,5 år. Han skal gradere til svart belte til jul i år.
Franz har konkurrert med svært gode resultat, både regionalt, nasjonalt og dei 2 siste åra også internasjonalt. Han har pallplasseringar frå utlandet, men den største seieren for han, er sølv i Superfinalen på Copenhagen Open-24.
Han tok gull i fleire klassar på sitt første NM på heimebane her på Vestnes hausten 2023.
Franz har dei tre siste åra vore hjelpetrenar, og har som instruktør leidd dei to siste graderingane i klubben. Han har under desse graderingane, trass sin unge alder, overraska og overbevist dei høgast graderte med sine leiareigenskapar. Han viser omsorg og modenheit, ansvarsfølelse og stor kunnskap innan sporten.
Franz tek mykje ansvar i klubben og skal frå hausten vere hovedtrenar.
Det sportslige teamet i Vestnes Varfjell Kampsport har nominert Franz til ungdomsstipendet på grunn av den innsatsen han legg i klubben og i si eiga utvikling, og er stolte av å ha han som ambassadør i klubben.
Ninett Overaa Hole
Ninett har spelt håndball på aldersbestemte lag for Vestnes Varfjell IL sidan ho var 8 år.
Dei siste åra har ho tatt trenar- og dommarkurs og er no hovedtrenar for VVIL handball Jenter 2012 og hjelpetrenar for J/G 2016. Ho brukar dei fleste helgene på å dømme, trene eller spele kampar, noko ho har svært stor glede av.
Dei to siste åra har ho blitt plukka ut til å delta på fleire spelarutviklingssamlingar i Nordmøre og Romsdal.
I fjor sommar deltok ho på Håndballjentenes håndballskole i regi av landslaget og Vipers håndballskule i Kristiansand. Dette skal ho delta på også i år, og ho ser fram til nye utfordringar og ny lærdom.
Til hausten har ho søkt idrettslinja ved Romsdal VGS for å kunne utvikle seg vidare innan handball og for å få meir kunnskap om trening, idrett og helse.
Ninett har eit brennande engasjement for sporten og klubben, og har eit mål om å ein dag kunne leve av handball.
Tuva Johanne Rypdal Hovden
Tuva har gått på linja kunst, design og arkitektur ved Molde vgs i 3 år.
Ho har i fleire år deltatt på UKM, både som arrangør, musikar og kunstnar.
I fjor blei ho sendt vidare frå UKM-arrangementet i Vestnes til fylkesfinalen i Fosnavåg i oktober. Der vart ho nominert vidare til landsfinalen i Bodø som går av stabelen no til helga, og ho gler seg til å representere Vestnes og Møre og Romsdal i den nasjonale finalen.
Grunnen til at ho søkte om ungdomsstipend, er at kunst er ein dyr hobby å ha, særleg når ein begynner å gå opp i storleik på kunstverka. Stipendet kjem til stor nytte for å kunne fortsette med den kunstnariske utviklinga.
Tuva brenn verkeleg for kunstfaget og eit eksempel på dette er at ho meldte seg inn i UFA, som er ungdommens fylkes arrangør for UKM, først og fremst for å sette fokus på korleis kunsten skal bli presentert under fylkesfestivalen i 2024
Tuva er ei positiv, aktiv og engasjert jente med mange jarn i elden.
Vi gratulerer med stipenda, og ønsker lykke til vidare!
Utdeling av ungdomsstipend 2024
Silje B. Sylte
På bildet f.v.: Ordførar Randi Bergundhaugen, Kenni Eyiram Dogbey, Tuva Johanne Rypdal Hovden, Franz Amdam Wirthenstätter, Ninett Overaa Hole