Velkommen til innbyggardialog 11. juni.

Torsdag 11. juni kl. 17:00–19:00 inviterer vi til ny innbyggardialog på Vestnes bibliotek

Denne gongen gjer vi noko litt annleis. Vi set fokus på det vi får til i Vestnes, og ønskjer å løfte fram moglegheiter, engasjement og framtidstru.

Du vil møte fleire foredragshaldarar enn vanleg, med bidrag frå næringsliv, frivilligheita og andre gode krefter. Målet er å synleggjere breidda av det som skjer i Vestnes og inspirere til vidare utvikling.

Det overordna temaet denne gongen er «Sjå til Vestnes». Temaet handlar om kvifor ein bør rette blikket mot Vestnes: kva vi får til, kva moglegheiter som finst her, og korleis vi kan utvikle lokalsamfunnet vidare saman.

Kven møter du?

  • Vestnes kommune
  • Tresfjord og Vestnes Røde Kors
  • Ringer i vatnet, prosjektgruppa til Vestnes teaterlag

Vi oppdaterer saka fortløpande med informasjon om kven som deltek. 

Tid og stad

  • Torsdag 11. Juni
  • Kl. 17:00–19:00
  • Vestnes bibliotek

Innbyggardialogen er open for alle, og vi håpar både innbyggarar, næringsliv og frivillige vil delta. 

Som vanleg blir det mogleg å gi innspel til kommunen gjennom gruppearbeid. Resultata blir publiserte på nettsida vår, saman med kva vi gjer med innspela. Du kan lese om tidlegare innbyggardialogar her.

Plakat i samband med innbyggardialogen, same informasjon er gjengitt i teksten på nettsida. - Klikk for stort biletePlakat i samband med innbyggardialogen