Velkommen til Vestnes bobil- og rasteplassVestnes kommune har opna ny bobil- og rasteplass i sentrum rett ved sjøkanten. Med kort avstand til butikkar/kjøpesenter, kaféar/restaurantar og turområde er dette ein utmerka stad å stoppe. Det er 10 oppmerka plassar for bobilar og du får fylle vatn og ha tilgang til straum. Det er ikkje toalett- og dusjmoglegheiter. Betaling skjer via Gomarina app - pris pr døgn inkl. straum kr 225,- og utan straum kr 175,-. Avkøyrsla til bobil- og rasteplassen er i rundkøyringa ved Shellstasjon i Vestnes sentrum. I Vestnes finn du mange gode butikkar, som utmerkar seg med god sørvis. I Vestnes har vi fleire serveringsstader, mange matvarebutikkar og lokal produsert mat av høg kvalitet. Det er kjekt å ta ein handletur i Vestnes. Vi har mykje å by på og håpar du vil trivast her med oss. Frå bobil- og rasteplassen går det sti til Kråkvika turområde Med kort avstand til sentrum, flott turområde og plassering ved sjøkanten med kveldssol er den nye bobil- og rasteplassen i Vestnes ei perle du må besøke. Sjå Bobilplassen.no for meir informasjon. Kart Sist endra 08.02.2023 14.00